Historisk arkiv

Frihandel for fisk med Estland og Litauen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 74/95, 15. desember 1995

FRIHANDEL FOR FISK MED ESTLAND OG LITAUEN

Noreg og dei andre EFTA-landa har underteikna frihandelsavtalar med Estland, Litauen og Latvia. Frihandelsavtalane skal etter planen ta til å gjelde frå 1. juni 1996, og erstattar dei eksisterande bilaterale frihandelsavtalane mellom Noreg og dei baltiske landa.

Dei nye frihandelsavtalane mellom EFTA-landa og Estland og Litauen vil gje full og gjensidig frihandel for all fisk og alle fiskeprodukt for Noreg sin del.

I frihandelsavtalen mellom EFTA og Latvia vil det for Noreg verte full frihandel for all fisk og alle fiskeprodukt med unntak av laks. Alle norske lakseprodukt vil verte pålagde ein toll på 12 pst. Denne tollsatsen skal gradvis reduserast og vere lik null fire år etter at avtalen tek til å gjelde.


Kontaktperson: Rådgjevar Kristin Alnes, tlf. 22 24 64 52


Lagt inn 3 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen