Historisk arkiv

Konsesjonsordning for skalleseitrålarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 45B/95, 25. august 1995

Konsesjonsordning for skalleseitrålarane

Regjeringa har vedteke å endre trålforskrifta slik at det vert innførd eit seitrålløyve som gjev rett til å fiske sei, torsk og hyse sør for 65 grader nord. For å få tildelt seitrålløyve må fartyet ha nordsjøtrålløyve for 1995 og ha hatt trålfiske etter sei i det nemnde området som hovuddriftsgrunnlag, det vil seie at fartyet har hatt hovuddelen av inntekta og driftstida frå slikt fiske. Det er vidare eit vilkår at fartyet har drive dette fisket i minst eitt av åra 1990 til 1993.

Grunnen til at ein skil desse fartya, dei såkalla skalleseitrålarane, ut som ei eiga konsesjonsgruppe er at ein då kan setje inn reguleringstiltak som er spesielt tilpassa seitrålfisket sine problem med høg innblanding av torsk og hyse i fangstane, utan at det fører til auka deltaking av farty i dette fisket. Det er eit vilkår at dei fartya som får tildelt seitrålløyve gjev frå seg det nordsjøtrålløyvet dei har no.

Nordsjøtrålløyvet vil for framtida gjelde trålfiske etter sild, makrell, augepål, tobis m.v. sør for 64 grader nord, og etter kolmule, torsk, hyse, kviting, sei m.v. sør for 62 grader nord og aust for 4 grader vest. Nordsjøtrålløyvet vil ikkje lenger omfatte fiske etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord.


Lagt inn 9 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen