Historisk arkiv

Nytt frå Fiskeridepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 41/95, 17. juli 1995

NYTT FRÅ FISKERIDEPARTEMENTET

Rekruttering til fiskaryrket

Fiskeridepartementet har motteke rapporten frå arbeidsgruppa som var nedsett for å vurdere korleis ein kan betre rekrutteringa til fiskaryrket. Rapporten vert no send til høyring. Rapporten og dei innkomne høyringsfråsegnene vil bli drøfta på ein opplærings- og rekrutteringskonferanse som Fiskerinæringas Felles Kompetansestyre skipar til i Ålesund 31. oktober.

Arbeidsgruppa har funne at omlag ein tredjedel av dei yrkesaktive fiskarane i Noreg er under 30 år. Dette er mykje samanlikna med andre arbeidsgrupper, og det tykkjest såleis ikkje å vere noko snarleg rekrutteringsproblem til fiskeflåten på landsbasis. Arbeisgruppa går ut frå at det vil bli stilt auka krav til formell kompetanse for fiskarar i framtida. Meir enn før vert det difor behov for å rekruttere fiskarar gjennom eit formalisert opplæringssystem. Gruppa meiner at det ikkje trengst spesielle tiltak for å auke rekrutteringa av kvinner til fiskaryrket, men understrekar behovet for auka informasjonsaktivitet om yrke og utdanning i fiskerinæringa både for kvinner og menn. Framlegga frå arbeidsgruppa er konsentrert om tiltak for å leggje til rette for rekruttering gjennom utdanning.

Rekrutteringsordninga i torskefisket

Hittil i år har berre 80 prosent av det frigjevne kvantumet til rekrutteringsordninga i torskefisket vore tilgjengeleg for utdeling. Fiskeridepartementet har no bestemt at fiskerisjefane også kan tildele dei siste 20 prosentane av kvantumet. Det vert ingen ny søknadsrunde, fiskerisjefane tildeler restkvantumet blant søkjarar som melde seg ved tildelinga av dei første 80 prosentane.

Kapasitetstilpassing i kystflåten

Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag er einige om å setje av 230.000 kroner over fiskeristøtteavtala til eit prosjekt for utgreiing av struktur- og kapasitetstilpassing i kystflåten. Norges Fiskarlag er ansvarleg for prosjektet.

Støtte til sildemjølfabrikkar

Fiskeridepartementet har bestemt at det vert utbetalt 4,3 millionar kroner over fiskeristøtteavtala for 1995 i tilskot til sildemjølfabrikkane i Trøndelag, Troms og Finnmark.

Fordeling av midlar til krabbe

I fiskeristøtteavtala for 1995 er det sett av 1 million kroner til krabbe. Fiskeridepartementet gjer i eit brev til Norges Fiskarlag framlegg om at halvparten av denne summen skal nyttast til tiltak innan marknad- og teknologiutvikling. Resten av midlane vert fordelt mellom salslaga.

Sei til russiske fabrikkskip

Fiskeridepartementet har gitt Norges Råfisklag løyve til at det kan leverast ytterlegare 2.500 tonn notfanga sei til russiske fabrikkskip. Med dette er det gitt løyve til å levere i alt 10.000 tonn til russiske kjøparfarty i 1995. Det er ein føresetnad at norske kjøparar først får tilbod om seien, at dei norske minsteprisane vert følgde og at leveransane går til konsum i Russland.


Lagt inn 2 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen