Historisk arkiv

Utgreiinga om eigedomsskatt overlevert finansministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Finans- og tolldepartementet

Pressemelding

26.9.1996

Utgreiinga om eigedomsskatt overlevert finansministeren

Finansminister Sigbjørn Johnsen har i dag fått overlevert innstillinga fra utvalet som har utgreidd eigedomsskatten. Professor Frederik Zimmer har leia utvalet.

- Utvalet har lagt fram ei grundig utgreiing. Etter høyringa vil Regjeringa ha eit godt grunnlag for å vurdere eigedomsskatten si framtid i Noreg. Vi skal no gå nærare inn i dei forslaga utvalget har, men eg har allereie merka meg at utvalet ikkje gjer framlegg om tvungen eigedomsskatt i alle kommunar. Det er i samsvar med det syn eg sjølv har om at eigedomsskatten skal vere ein kommunal skatt og at det er den einskilde kommunen som skal bestemme om ein slik skatt skal gjelde, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Innstillinga er trykt som NOU 1996:20 Ny lov om eiendomsskatt. Den vil om kort tid bli sendt på høyring. Når det gjeld innhaldet i meldinga, viser ein til pressemelding fra Zimmer-utvalet.

Informasjonssjef Anne-Sissel Skånvik, tlf: 22 24 41 09

Lagt inn 26 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen