Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996: Vekst og auka effektivitet styrkjer kampen mot kriminaliteten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet

Informasjonskontoret, telefon 22 34 51 04, telefax 22 34 27 20
Nina Vedholm - 22 34 52 02, Mette Bleken - 22 34 51 07

4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Justisdepartementets budsjett for 1996

Vekst og auka effektivitet styrkjer kampen mot kriminaliteten

Aldri før har det vore satsa så mykje på justissektoren. Innsatsen for auka tryggleik held fram og vert forsterka gjennom Justisdepartementet sitt budsjettframlegg for 1996. Justissektoren får meir enn 500 nye stillingar og ein vekst på 5,6 prosent. Samstundes vil Regjeringa effektivisere kampen mot kriminaliteten ved nytenking, reformer og ved betre å utnytte dei tildela ressursane.
  • Politihøgskulen vil auke studentopptaket til 384 i 1996 frå 250 studentar i 1995. Politiet får 142 nye faste stillingar.
  • Domstolane og påtalemakta er styrkt i samband med to-instansreforma som vart sett i verk 1. august i år. Reformen vert følgd opp i 1996.
  • Kriminalomsorga vert styrkt ytterlegare og får i alt 389 nye faste stillingar. Av desse går 136 til nye Ringerike krinsfengsel. 84 mellombels stillingar er gjort faste.
Kampen mot vald og narkotika vil bli forsterka. Regjeringa satsar på auka førebyggjing og raskare straffesakshandsaming. Innsatsen mot økonomisk kriminalitet og den meir organiserte kriminaliteten vil bli styrkt.

Hovudtal i Justisdepartementet sitt budsjettframlegg 1996

Føremål                      Tusen kr.  Endring frå      
                                        1995 (pst)       
Samla utgifter               8 451 057   5,6              
Politiet                     4 621 208   7,6              
Rettsstellet                 1 573 388  -2,2             
Kriminalomsorg               1 369 212   9,8              

Regjeringa gjer framlegg om ein sterk reduksjon i gebyra til Føretaksregisteret. Reduksjonen vil særleg kome etablerarar og småverksemder til gode.

Meir tryggleik for kronene

- Kampen mot kriminalitet er eit hovudsatsingsområde for Regjeringa. Budsjettframlegget for 1996 gjev eit godt grunnlag for å auke innsatsen mot kriminaliteten og for å førebyggje ulovlege handlingar, seier justisminister Grete Faremo.

Dei seinare åra har politi- og lensmannsetaten fått auka ressursar. Frå 1990 til 1995 er det oppretta over 1350 polititenestemannsstillingar, vel 300 kontor- og sakshandsamarstillingar og ca 80 embets- og juriststillingar. I tillegg vart omlag 300 stillingar frigjorde då bidragssakene vart overførde frå lensmannsetaten til trygdeetaten. Faremo seier at den store satsinga på fleire stillingar og auka investeringar gjer etaten betre rusta til å møte nye utfordringar.

- Det er framleis trong for å forsterka innsats for auka tryggleik. Det er mykje positivt utviklingsarbeide i gong innan justissektoren. Eg ser fram til eit godt samarbeide med dei ulike strafferettsetatane og organisasjonane til dei tilsette i arbeidet med å nytta ressursane enno betre, og i arbeidet med omstilling og nytenking.

Betre og raskare straffesakshandsaming

- Betre flyt i straffesakskjeda gjer handsaminga av straffesakene meir effektiv og rasjonell. Det tyder mykje i kampen mot både valds- og kvardagskriminaliteten og den organiserte kriminaliteten. Ein rask reaksjon kan og ha førebyggjande verknad, understrekar justisminister Grete Faremo.

I fjor blei køane i fengsla avvikla. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida i straffesaker er under tre månader i by- og herredsrettane og på drøye tre månader i lagmannsrattene. Det er i samsvar med dei fastsette normene for gjennomsnittleg sakshandsamingstid. For å styrkje straffesakshandsaminga i politiet vert det oppretta 47 nye faste juriststillingar. Påtalemakta går fem nye faste juriststillingar.

I 1996 skal statsadvokatembeta rapportere sakshandsamingstida kvar kvartal. Statsadvokaten bør avgjera påtalespørsmålet innan 30 dager etter at saka kom inn til statsadvokaten.

Justisdepartementet har saman med Riksadvokaten gjennomført eit tverretatleg prosjekt for raskare handsaming av straffesaker dei siste åra. Det ligg eit stort potensial for raskare handsaming mellom anna ved å gå i gjennom rutinane på politikammera.

- Det er grunn til å skryte av innsatsen i arbeidet for raskare straffesakshandsaming. Røynslene frå fleire lokale prosjekt viser at det er råd å få til gode samarbeidsformer lokalt som gjev svært gode resultater.

Omorganisering gjev betre beredskap

- Arbeidet med å effektivisera politi- og lensmannsetaten vil halde fram, lovar Faremo. Frå 1. januar 1996 vert ny etatstyring innførd for alle politidistrikt. Omorganiseringa av politi- og lensmannsetaten har som mål å betre politiberedskapen og publikumsservicen gjennom betre ressursutnytting.

- Både departementet og politidistrikta får med dette betre grunnlag for å vurdere korleis ressursane best bør styrast mellom dei ulike fagområda for å få ei effektiv polititeneste. Det bør i tillegg greiast ut korleis ein kan frigjere fleire årsverk til operativ polititeneste, seier Grete Faremo.

IT-satsing gjev meir synleg politi

IT-innføringa i politi- og lensmannsetaten vert førd vidare i 1996. Målet er å plassera ut utstyr som dekkjer den grunnleggjande trongen for kontor- og sakshandsamarstøtte i etaten.

- Effektiviseringsvinsten ein får ved innføring av IT skal nyttast til i større grad å synleggjere politiet, seier Grete Faremo. Ein tek sikte på at 11 politidistrikt skal få utstyr og IT-løysingar for moderne kontorstøtte i 1996. Denne satsinga vil vere med på å korte ned sakshandsamingstida i straffesaker. Vidare vil tiltaka gje betre oversyn over saker og lette oppfølginga.


Eiga domstolsavdeling

Justisdepartementet vil opprette ei eiga domstolsavdeling. Domstolane i Noreg har dei siste åra blitt modernisert med omsyn til IT, styringsprinsipp, intern organisering og leiarutvikling. Domstolsavdelinga skal sikre at denne prosessen vert førd vidare, at det vert ytt betre service i administrasjonen av domstolane, og bidra til å markere domstolane si uavhengige stilling.

Ein tek vidare sikte på å setje i gong ei utgreiing om mellom anna administrasjon av domstolane, dommarutnemningar og disiplinærordning.

Ny beredskapsavdeling

Justisdepartementet vil opprette ei eiga beredskapsavdeling. Avdelinga vil mellom anna få ansvaret for departementet sitt samordningsansvar innan sivilt beredskap, og ansvaret for beredskapen internt i Justisdepartementet, redningstenesta og siviltenestesaker.

Ei prosjektgruppe under leiing av Justisdepartementet er nedsett for å utarbeide ei stortingsmelding om flaumen på Austlandet i juni 1995. Meldinga skal gjere greie for dei beredskapstiltaka som vart iverksette, korleis statsmaktene og kommunane handterte flaumen og kome med moglege framlegg til tiltak som set samfunnet betre i stand til å møte liknande naturkatstrofar. Meldinga vert lagd fram for Stortinget på nyåret 1996.

Klagenemnd i utlendingssaker

Regjeringa tek sikte på å gjere framlegg om å etablere ei utlendingsnemnd frå januar 1997. Den uavhengige klagenemnda skal gjere endeleg vedtak i asyl- og andre utlendingssaker.

I samband med omorganiseringane i departementet vil Politiavdelinga få det administrative ansvaret for påtalemakta.

Støtte til ofre for kriminalitet

Arbeidet med å byggje ut hjelp og støtte til dei som har vorte ofre for kriminalitet held fram. Politiet skal gje rettleiing til personar over 60 år om korleis ein best skal verne seg mot kriminalitet, og skal difor oppsøkje eldre som har vorte ofre for kriminalitet.

Eit kompetansesenter for valdsofferarbeid er oppretta som eit prøveprosjekt. Arbeidet i somme politidistrikt med å opprette særskilde mottak/kontor for ofre for kriminalitet der dei kan få hjelp, støtte og rettleiing, skal halde fram. Mottaka skal gje offer rettleiing og råd om både juridiske og medisinske tilhøve. Det er laga ei brosjyre som gjev oversikt over justisstyresmaktene si handsaming av ei valdssak.

Fortsatt nordisk passunion

Dei nordiske EU-landa har søkt om status som observatørar i Schengen-samarbeidet med sikte på medlemskap. Regjeringa vil vurdere ulike former for samarbeide med Schengen for å oppretthalde den nordiske passunionen som sikrar fri rørsle for nordiske borgarar mellom dei nordiske landa. Forhandlingar mellom Noreg og Schengen-landa kan venteleg kome i gong i 1995.


Politiet

Førebyggjing - et felles ansvar

Å kjempe mot kriminalitet er ikkje eit ansvar for politiet og dei andre strafferettsetatane aleine. Regjeringa vil auke tryggleiken for folk ved å mobilisere til ansvar og innsats på tvers av sektorar, etatar og ulike profesjonar. I det nyleg reviderte førebyggjarprogrammet "Trygghet og nærhet i hverdagen" har Regjeringa lagt fram ei rekkje tiltak på tvers av sektor- og profesjonsgrensene. Oppfølginga av programmet vil stå sentralt i kampen mot kriminaliteten også neste år.

Tilgjengeleg politi

Eit synleg og tilgjengeleg politi i nærmiljøet er sentralt i det førebyggjande arbeidet. Eit desentralisert politi med tett og brei kontakt til publikum har betre føresetnader for å få informasjon som er vesentleg for oppklaring av lovbrot. Patruljeformer som er meir tenlege med omsyn til publikums krav til tryggleik skal utviklast vidare. Nærpolitimodellen er bygd ut ved at det er sett i gong prøveprosjekt ved politikamra i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand der mindre avgrensa områder får faste tenestemenn som skal stå for all polititeneste. Det vil i nær framtid verta skipa til fleire politipostar i Oslo.

Politiet sitt engasjement med undervisning og kampanjar i skulen skal halde fram. Politikamra skal registrere førstegangskriminelle under 18 år og setje i verk tiltak for å hindre vidare kriminell utvikling. Tilbakefall skal registrerast.

Auka opptak ved Politihøgskulen

Justisdepartementet gjer framlegg om at opptaket aukar frå 250 studentar i 1995 til 384 i 1996.

Sju søkjarar med innvandrarbakgrunn vart tekne opp ved grunnutdanninga i 1995. Departementet reknar med at talet på studentar med innvandrarbakgrunn vil auke på bakgrunn av auka inntak i 1996.

Utvalet som har utgreia om det skal opprettast ei politiutdanning i Nord-Noreg la fram utgreiinga si i september 1995. Fleirtalet i utvalet tilrår at det vert skipa ei politiutdanning i Nord-Noreg. Justisdepartementet legg vekt på tilrådinga frå utvalet og vil arbeide vidare med spørsmålet.

Effektiv metode mot kriminalitet

Det er beslutta å skipe ei sentral kriminaletterretningseining ved Kriminalpolitisentralen som vil vera operativ frå 1996.Oppgåva for den sentrale eininga er strategisk kriminaletterretning og analyse. Operativ etterretning er ei lokal oppgåve for det einskilde politidsitrikt. Det er naudsynt med eit nært samarbeid mellom lokalt og sentralt nivå. 15 nye politititenestemannsstillingar vil gå til KRIPOS.

Kriminaletterretning omfattar innhenting, systematisering og analyse av informasjon om kriminalitet og dei mest aktive og organiserte forbrytarane. Kriminaletterretning gjev eit naudsynt kunnskapsgrunnlag for å nytta politiressursane målretta, og er ein effektiv metode for å hindra kriminalitet.

Nye jurist- og kontorstillingar

Dei store politidistrikta kan frigjere mange årsverk til politioperativ teneste når dei får nye kontorstillingar. Det vert gjort framlegg om å oppretta 55 nye faste kontor- og sakshandsamarstillingar for 1996. Av desse er 15 engasjement som er gjort faste.

For å styrkje straffesakshandsaminga i politiet vert det oppretta 47 nye faste juriststillingar. Av desse er 12 engasjement som er gjort faste. Påtalemyndigheten vert styrka med fem nye stillingar.

Ved tildeling av nye stillingar vil departementet prioritere storbyane.

Polititenestemannsstillingar

Det vert oppretta 40 nye polititenestemannsstillingar i 1996. Av desse er 18 engasjement som er gjort faste.

Det er framleis vanskeleg å rekruttere politiutdanna personell nokre stader i landet. I 1996 vert det difor berre oppretta nye polititenestemannsstillingar knytta til nye oppgåver innan politiet.

Aksjon mot gatevald

Den særskilde satsinga for å hindre vald i bysentrum og andre tettbygde strok som er i gong ved 16 av dei største politikamra, skal førast vidare.

Mykje av valden i bysentra skjer i nærleiken av skjenkestader. Kontrollen og patruljeringa vil difor i stor grad bli retta mot slike område. Departementet tek sikte på å utvikle eit kursopplegg for dørvakter saman med næringslivssida.

Handling mot vald i biletmedia

Justisdepartementet skal følgje opp Regjeringa sin handlingsplan mot vald i biletmedia. Politihøgskolen skal i samarbeid med Statens filmtilsyn og Finansdepartementet styrkje grunn- og etterutdanninga til politi- og tolltenesten. Det skal arrangerast kurs for politietaten når det gjeld valdspåverknad og kor grensene går for ulovleg vald i biletmedia. KRIPOS skal styrkje sin kompetanse om korleis grov vald og barnepornografi vert spreidd mellom anna gjennom datanettverk.

Auka innsats mot narkotika

Innsatsen mot narkotika skal halde fram med auka styrke. I 1993 laga Justisdepartementet ein plan for kampen mot narkotika. Planen er seinare oppdatert og omtalar mellom anna korleis ein gjennom arbeidet skal auke risikoen for å verta oppdaga i samband med produksjon, omsetning og bruk av narkotiske stoff. Førebyggjande arbeid vert tillagd auka vekt.

Inndraging av utbyte

Regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet er revidert i 1995. Konkurskriminalitet, kvitvasking av pengar, inndraging av utbyte frå straffbare handlingar og svart økonomi er særskilde satsingsområde for politi og påtalemakt.

Organiserte former for kriminalitet kan berre motverkast ved å ta midlane frå lovbrytarane og straffe bakmennene. Regjeringa legg til rette for kompetanseheving innan politiet og auka oppfølgjing frå påtalemakta med påstand om inndraging ved uttak av tiltale og ved iretteføring. Det er nedsett eit utval som skal utarbeide tiltak for å gjere inndraging av utbyte frå straffbare handlingar til eit sterkare kriminalpolitisk verkemiddel.

Internasjonalt politisamarbeid

I fleire land i Europa er kriminalitetsbiletet i aukande grad prega av organisert kriminalitet som narkotikatrafikk, økonomisk kriminalitet, kvitvasking av pengar, organiserte bestillingstjuveri og menneskesmugling. Det er difor avgjerande at det vert oppretta samarbeidsformer og avtalar som gjev politiet høve til å få bukt med med kriminaliteten på tvers av grensene.

Det nordiske politi- og tollsamarbeidet med utplassering av sambandsmenn og satsinga mot narkotikasmugling skal intensiverast. Etter planen skal det plasserast ein norsk sambandsmann i Moskva og ein arbeider med å etablere ambulerande sambandsordning i Murmansk. I tillegg er det oppretta eit nordisk samarbeid for kompetanseheving for politipersonell i Baltikum.

I 1993 vart det oppretta eit justi- og politisamarbeid i austersjøregionen. I dette samarbeidet deltar Russland, Kvite Russland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tyskland, Danmark, Sverige Finland og Noreg. Noreg skal leie arbeidet med oppfølging av fleire rekommendasjonar og framlegg fram til neste ministerkonferanse våren 1996.

Nye lokale

Bemanningsauken dei seinare åra har førd til stor aktivitet for å skaffe nye og betre lokale for ei rekkje politikammer og lensmannskontor. I 1996 er det planlagt å ta i bruk nye lokale mellom anna på følgjande stader: Hundetenesta ved Oslo politikammer, Politihøgskolen, Manglerud politistasjon, Asker politistasjon, Stavanger politikammer, Hardanger politikammer, Bodø politikammer, Troms politikammer og Økokrim.

Det er gjort framlegg om ei startløyving på 14, 5 mill. kr. til eit planlagt justisbygg i Mosjøen som vil gje rom til Helgeland politikammer, Vefsn lensmannskontor, sivilforsvaret og rettslokale. Prosjektet har ei kostnadsramme på 42,9 mill. kr., eksklusive tomtekostnader. Innflytting er planlagt i 1997.

Nye stillingar til Oppgåvepliktregisteret

Det er meininga at Oppgåvepliktregisteret skal vere i drift frå sommaren 1996. I samband med dette får Brønnøysundregistra fire nye stillingar. Einingsregisteret får tre nye stillingar.


Rettsstellet

Oppfølging av rettsreform

To-instansreforma som vart sett i verk 1. august i år har styrka rettstryggleiken ved at tiltalte no har høve til å få prøvd skuldspørsmålet to gonger i alle saker. Dei om lag 450 alvorlege straffesakene som tidlegare starta i lagmannsrettane med jury, vil no starte i by- og heradsrettane.

Lagmansrettane er reine ankedomstolar. Talet på ankesaker er uvisst, og arbeidsmengda ved lagmannsrettane vil bli følgd nøye, særleg i høve til Regjeringa si målsetjing om kort sakshandsamingstid.

Effektiviseringsvinst

Fleire tiltak innan område som regelverks- og organisasjonsutvikling, opplæring og IT har ført til auka effektivitet i domstolane. Eit effektiviseringsvinstprosjektet har hatt som mål å fastsetje, tilrå bruk av og realisere effektiviseringsvinstane i domstolane. Det er semje med domstolane og arbeidstakarorganisasjonane om ein reduksjon i funksjonærbemanninga. Det meste av redusksjonen vil vere gjennomført innan utgangen av 1996. Ressursane som er frigjorde vert fordelte til mellom anna utviklingstiltak i domstolane. Nokre funksjonærar er overførde til politi- og lensmannsetaten.

Nytt statsadvokatembete til Hamar

Eit nytt statsadvokatembete for Oppland og Hedmark fylke vert oppretta frå 1. januar 1996. Statsadvokatembetet vil få sete i Hamar og får namnet Hedmark og Oppland statsadvokatembete. Den attverande delen av noverande Eidsivating statsadvokatembete vil ha sete i Oslo og får namnet Oslo statsadvokatembete. Det nye embete er oppretta fordi det i år er etablert eit nytt lagdømme på Hamar, Eidsivating lagdømme.

Stillingar til påtalemakta

Påtalemakta får fem nye faste juriststillingar. I samband med iverksetjinga av to-instansreforma vert det oppretta to nye statsadvokatembete i 1996. Nye Hedmark og Oppland statsadvokatembete får to stillingar som sakshandsamar/funksjonær. Riksadvokatembetet får eit nytt embete som førstestatsadvokat for å kunne prioritere arbeidet med saker i menneskerettsdomstolen.

Nye og betre lokale

Arbeidet med å betre lokala til domstolane og sikra fullgod rettsalskapasitet held fram.

I 1996 tek ein sikte på å setje i gong arbeidet med nye tinghus i Hokksund, Farsund, Elverum, Lillehammer, Steinkjer og Arendal. Vidare vil ein starte prosjekteringa av nytt tinghus på Hamar, med sikte på byggjestart tidlegast i 1997.

Rettsalskapasiteten ved embeta i Kristiansand, Bergen, Sandnes, Skien og Drammen vil verta auka.

Det er óg trong for nye rettslokale til Oslo byrett og Borgarting lagmannsrett. I 1996 vert det sett av fem millionar kroner til prosjektering av slike lokale.

Prøveprosjekt med rettsmekling

Ved rettsmekling hjelper dommaren eller ein annan kvalifisert person partane i ein rettstvist med å forhandle fram ei avtale som begge kan godta og som løyser tvisten heilt eller delvis. Forslag til ei prøveordning har vore på høyring, og framlegg til naudsynte lovendringer vil verta fremja med sikte på å starte eit prøveprosjekt i 1996.

Skolemekling - ei vidareføring av konfliktråd

"Utviklingsprogram om skolemekling" tek sikte på å tilpasse meklingsmetodane som konfliktråda nyttar til skoleverket, for å utvikle barn og unge sine evner til å handtere konfliktar. Utvalde skolar og konfliktråd vil samarbeide om å gje elevar og lærarar opplæring i å fungere som meklarar i ulike konfliktar i skolen.

Konfliktråda handsama i alt 2620 saker i 1994, ein auke på heile 128 prosent frå 1993. Forventa sakstal for 1995 er om lag 4000. Tal pr. 30. juni i år viser at berre tre prosent av partane ikkje møter til mekling. Det vert inngått avtale i heile 98 prosent av sakene, og 94 prosent av avtalane vert innfridde.

Konfliktråda skal framleis tilby mekling i eigna saker overfor barn og unge under den kriminelle lavalder. Evaluering av konfliktrådsordninga er sett i gang i juni i år, og skal gjerast ferdig hausten 1996.

Fri rettshjelp

Regjeringa ønskjer å betre rettshjelpordninga slik at ressursane vert meir effektivt nytta gjennom å målrette dei til saksområde der trongen for advokathjelp er størst, og der rettshjelp etter røynsla har mest å seie for den einskilde. Hovudformålet med endringa i lov om fri rettshjelp frå 1994 er å heve inntektsgrensene for fri rettshjelp slik at ordninga omfattar ein større del av folket.

Ein tek óg sikte på å setje i verk ei omlegging av eigendelssystemet. Dei som får rettshjelp utan behovsprøving skal framleis vere fritekne for betaling av eigendel. Justisdepartementet vil setje i verk lovendringane og forskriftene tidleg i 1996, slik at ein kan heve inntekstgrensene frå same tidspunkt.


Kriminalomsorg

Nye stillingar

I samband med nye Ringerike krinsfengsel vert det oppretta 136 nye stillingar. I tillegg vert 13 stillingar overførde frå Hønefoss hjelpefengsel som vert nedlagd frå 1. juni 1996.

Etter ei vurdering av den faste bruken av vikarar i fengselstellet vert det oppretta 165 nye faste stillingsheimlar for å dekkje opp det pårekna fråveret i tryggingstenesta. Faste etatsutdanna tilsette bidrar mellom anna til betre handsaming av dei innsette og betre tryggleik i fengsla.

Det vert vidare gjort framlegg om å opprette ei fast stilling som sakshandsamar ved Bastøy landsfengsel, og ei fast stilling som sosialkonsulent ved Drammen krinsfengsel for å følgje opp arbeidet med soningsplanar.

11 tidsavgrensa stillingar ved Ila landsfengsel og sikringsanstalt vert faste. Stillingane vart oppretta for å dekkje behovet for ei forsterka fengselsavdeling for ressursvake og avvikande innsette. Trongen for avdelinga viser seg å vere permanent.

Nye faste fengselsplassar

Soningskøen var avvikla 1. juni 1994. For å innfri hovudmålet om rask gjennomføring av straff er det samla talet på fengselsplassar i snitt auka med 444 plassar frå 1990 til 1995. Prognosane for soningskapasiteten viser at det mellom anna er naudsynt å gjere dei mellombelse køavviklingsanstaltane med i alt 183 plassar varige frå 1. januar 1996. Det gjeld Hamar krinsfengsel- open avdeling, Oslo krinsfengsel - avdeling C, Trøgstad krinsfengsel og Bredtveit landsfengsel - avdeling Østensjøveien. Dei 72 tidsavgrensa stillingane ved anstaltane vert omgjorde til faste stillingar.

Nye Ringerike krinsfengsel

Nye Ringerike krinsfengsel er under byggjing i Ringerike kommune. Anstalten skal ha 160 lukka plassar og er planlagd ferdig hausten 1996. Talet på tilsette er fastsett til 149. Det vert oppretta 136 nye stillingar. I tillegg vert 13 stillingar overførde fra Hønefoss hjelpefengsel som vert lagd ned frå 1. juni 1996. Godkjend kostnadsramme pr. 15. september er på 240,5 mill. kr.

Tre nye klassar til KRUS

Det vert teke opp tre klassar ved Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS) for å dekkje trongen for kvalifiserte tenestemenn, mellom anna ved Ringerike krinsfengsel. I 1995 tok KRUS opp 100 fengselsaspirantar (fire klassar).

I 1996 vert det gjeve tilbod om etterutdanningskurs for fengselsbetjentar som har avslutta grunnutdanninga i 1992 eller tidlegare.

Målretta soning

Å medverke til å redusere tilbakefall til kriminell verksemd er den største utfordringa for kriminalomsorga. Gjennomføringa av straffa må leggje til rette for ei tilvere utan kriminalitet både under og etter fullføringa av dommen.

Justisdepartementet arbeider med ei stortingsmelding om den framtidige kriminalomsorga. Meldinga vil fange opp det meste av det utgreiingsarbeidet som er gjort omkring dei ulike sidene ved kriminalomsorga dei siste åra, til dømes tilrådingane frå Friomsorgsutvalet og Fengselslovutvalet.

Soningsplan

For 1996 er målsetjinga at alle innsette som skal sone dommar på meir enn seks månader, skal få høve til å sone med utgangspunkt i ein soningsplan. Kriminalomsorga skal kombinere ei rask og konsekvent gjennomføring av straffa med individuell tilrettelegging for kvar enkelt straffedømd. Innhaldet i straffereaksjonen skal knyttast til kriminaliteten til den enkelte, og den straffedømde må sjølv ta ansvar for si eiga attføring. KRUS har starta kurs i soningsplanlegging i 1995.

Forsøk med soningsprogram

Det vil verta sett i verk forsøk med spesielle soningsprogram for å få røynsle med og utvikle eit grunnlag for slik spesialsoning. Ein har von om å oppnå større reduksjonar i tilbakefallet ved slike program i høve til visse typar kriminalitet. I andre land har spesielle soningsprogram vore prøvd, både i høve til vald og sedskapskriminalitet.

Soning i behandlingsinstitusjon

Auka bruk av soning i samsvar med [[section]] 12 i fengselslova er eit viktig verkemiddel for å forhindre tilbakefall til ny kriminalitet. Løyvinga som er øyremerka soning i behandlingsinstitusjon ligg på same nivået i 1996 som i 1995. I år er det sett av 11,5 mill. kr. til slik soning med tillegg av tre mill. kr. som eit særleg tilskot til Frelsesarmeen sin institusjon Elevator. I 1994 vart 384 domfelte overførte etter § 12 i fengselslova, mot 354 i 1993.

Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen