Historisk arkiv

Domstolskommisjon er oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet


8. mars 1996

Domstolskommisjon er oppnemnd

Ved kongeleg resolusjon er det i dag nedsett ein kommisjon som skal greie ut den administrative stillinga til domstolane m.m. Høgsterettsjustitiarius Carsten Smith skal leie kommisjonen.

Kommisjonen skal i utgreiinga si sjå nærare på:

  • prinsippielle og faktiske sider ved noverande organisering av den sentrale administrasjonen av domstolane i høve til alternative løysingar, og eventuelt gjere framlegg om ny organisering.
  • korleis prosessen ved dommarutnemningar kan utviklast vidare og gjerast formell.
  • om det trengst ei klage- og disiplinærordning for dommarar.

Kommisjonen skal vurdere framlegga i lys av folkerettslege reglar- særleg menneskerettskonvensjonane - og dei løysingar som er valde i andre land som det er naturleg å samanlikne oss med.

Kommisjonen er samansett av:

  • Høgsterettsjustitiarius Carsten Smith (leiar)
  • Førstelagmann Agnes Nygaard Haug, Borgarting lagmannsrett
  • Sorenskrivar Ingrid Røstad Fløtten, Tana og Varanger sorenskrivarembete
  • Avdelingssjef Oddvar Overå, Stortingets kontor
  • Ekspedisjonssjef Inge Lorang Backer, Justisdepartementet
  • Riksadvokat Georg Fredrik Rieber-Mohn
  • Regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs
  • Professor Johan P. Olsen, Universitetet i Oslo
  • Lagmann Arild O. Eidesen, Den Norske Dommerforening
  • Advokat med møterett for Høgsterett Bjørg Ven, Den Norske Advokatforening
  • Høgsterettsadvokat Else Bugge Fougner.

Lagt inn 8 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen