Historisk arkiv

Framlegg om ny tomtefestelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet


23. februar 1996

Framlegg om ny tomtefestelov

Regjeringa gjorde i statsråd i dag framlegg om ny lov om tomtefeste. I framlegget vert det lagt opp til at festeavgifta kan regulerast i samsvar med endringar i pengeverdien. Regjeringa meiner også at festarar av tomt til bustadhus og fritidshus bør få bli eigarar av tomtane dei festar etter ei viss tid, sjølv om festeavtalene er gamle.

Regulering av festeavgift

Regelen om at festeavgifta kan regulerast i samsvar med endringar i pengeverdien skal vere ufråvikeleg når tomta er festa bort til bustadhus eller fritidshus. Regelen skal gjelde både for eldre og nye festeavtaler.

Innløysing av tomt

For festeavtalar som vert inngått etter at den nye lova trer i kraft, er det gjort framlegg om at festaren skal kunne krevje innløysing av festetomta når det er gått 30 år av festetida. I dag har festarar av tomt til bustadhus og fritidshus rett til å bli eigarar av tomta når det har gått 50 år av festetida.

Det gjeld berre for festeavtalar som er gjorde etter 1975. Etter lovframlegget skal dette også skal gjelde for festeavtalar som er gjorde før 1976.

Innløysingssum

For framtida skal innløysingssummen for tomta fastsetjast slik at endringar i tomteverdien ut over endringar i pengeverdien i tida etter at festeavtala vart inngått, skal delast likt mellom bortfestaren og festaren. Dette skal gjelde både for nye og eldre festeavtaler. I dag er det slik at innløysingssummen skal setjast til tomteverdien på innløysingstidspunktet. Det er vidare gjort framlegg om nokre særreglar om innløysing av visse eldre festeavtaler frå før 1976.


Lagt inn 26 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen