Historisk arkiv

Ytringsfridomskommmisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Justis- og politidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Justisdepartementet


Oslo, 23.8.96

Ytringsfridomskommmisjon

Regjeringa har oppnemnt ein kommisjon som skal greie ut ytringsfridomen si stilling i samfunnet vårt. Kommisjonen vert leia av professor Francis Sejersted, med bibliotekdirektør Vigdis Moe Skarstein som nestleiar.

Kjernepunktet i arbeidet til kommisjonen skal vere revisjon av Grunnlova sine reglar om ytringsfridom, med utgangspunkt i ei drøfting av det rettspolitiske grunnlaget for Grunnlova sitt vern av ytringsfridomen, og ei analyse av dei faktiske omstende som påverkar ytringsfridomen.

Dagens norske grunnlov vernar direkte berre retten til å ytre seg (formell ytringsfridom), og ikkje retten til å søke, ta i mot, lagre, arbeide vidare med og formidle ytringar (informasjonsfridomen). Kommisjonen er beden om å vurdere om og eventuelt kor langt Grunnlova bør verne informasjonsfridomen, herunder ålmenta sin rett til å sjå forvaltninga sine saksdokument.
Kommisjonen skal óg

  • vurdere på kva måte det rettslege vernet for ytringar gjennom demonstrasjonar (demonstrasjonsretten) bør sikrast,
  • drøfte prinsipielt vernet om individet sin vørdnad og integritet, og injurievernet, og
  • vurdere om og i tilfelle i kor langt Grunnlova sitt vern skal omfatte kommersielle ytringar, typisk i form av reklame og diskriminerande ytringar.

Eit sentralt punkt i utgreiingsarbeidet vil vere å avgrense nærare Grunnlova sitt vern av ytringsfridomen mot andre grunnleggjande rettar og verdiar. Dagens føresegner om ytringsfridomen i Grunnlova har vore kritisert for å gje rom for innskrenkingar i ytringsfridomen i for stor grad. Kommisjonen er difor beden om å drøfte dei interesser som kan kome i strid med ytringsfridomen og vegje desse opp mot ytrings- og informasjonsfridomen.

Medlemmene i kommisjonen er:

Professor Jon Bing
Redaktør Thor Bjarne Bore
Rektor Tove Bull
Journalist Irene Diis Bøhn
Forfatter Anne Holt
Prosjektleder Kristin Høgdahl
Prosjektleder Nita Kapoor
Sametingspresident Ole Henrik Magga
Professor Helge Rønning
Professor Gunnar Skirbekk
Professor Eivind Smith
Advokat Hans Stenberg-Nilsen
Informasjonssjef Ellen Stensrud
Ambassadør Kjeld Vibe

Kommisjonen skal vere ferdig med arbeidet sitt til 1 juli 1999.


Lagt inn 26 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen