Historisk arkiv

1,5 millionar kroner til ferjekai på Andøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 27. juli 1995

1,5 millionar kroner til ferjekai på Andøy

Kommunal- og arbeidsdepartementet har innvilga eit tilskot på inntil 1,5 millionar kroner til Andøy kommune. Tilskotet skal gå til bygging av ny ferjekai i hamneområdet på Andenes.

  • Ved behandlinga av denne søknaden har vi lagt vekt på den statusen kommunen har som omstillingskommune, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. Det er også lagt vekt på kor viktig det er å leggje til rette for vekst og utvikling innanfor det eksisterande næringslivet og i eventuelle nyetableringar, seier han.

Prosjektet inngår i den totale hamneutbygginga på Andenes. Ved etablering av dette ferjeleiet, vil blant anna det planlagde ferjesambandet mellom Andøy og Senja kunne realiserast. Ferjeprosjektet vil også ha alternativ bruksverdi for andre føremål og næringar, som til dømes fiskerinæringa. Ferjeprosjektet er prioritert av næringslivet, og vil gje ein monaleg vekstimpuls for reiselivsnæringa i Andøy kommune.


Lagt inn 31 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen