Historisk arkiv

100 millionar meir til bustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 09.11.95

100 millionar meir til bustader

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til bustadtilskot med 75 millonar kroner, slik at samla løyving blir 335 millionar kroner i 1995. Regjeringa gjer også framlegg om å auke løyvinga til oppstartingstilskot til nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar med 25 millionar kroner i 1995.

Bustadstilskottet skal hjelpe dei som kjem bakarst i køen i den ordinære bustadsmarknaden. Det gjeld funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte og flyktningar. Ein lang kø på denne ordninga er difor særleg uheldig, og vi gjer framlegg om ei styrking av budsjettet for 1995, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Det er stor etterspørsel etter tilskotet fordi det vert arbeidd med å gjennomføre fleire prioriterte reformer og bustadstiltak overfor ulike svake grupper på bustadsmarknaden. I samband med PU-reforma skal menneske med psykisk utviklingshemming etablerast i eigen bustad. Framleis held vi på med å gjennomføre den nasjonale dugnaden for å få busett flyktningar i kommunene. Den auka etterspørselen er også eit resultat av at kommunane nå generelt er meir aktive i å skaffe bustader for svake grupper, seier Berge.

Kommunane er nå komme godt i gang med å byggje omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Løyvingane til dette må difor styrkjast. Dette tilskotet vert også brukt til å lage enkeltrom i eldreinstitusjonane. Eg er glad for at dette arbeidet nå ser ut til å skyte fart, seier Berge.

Lagt inn 10 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen