Flyktningekommisjon til det tidligare Jugoslavia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet
Pressemelding | Dato: 30.08.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Kommunal- og arbeidsdepartementet
Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67
Oslo, 30.08.95
Flyktningekommisjon til det tidligare Jugoslavia
Ein uttakskommisjon frå Noreg vil allereie 4. september vere på plass i Kroatia, opplyser politisk rådgjevar Roger Ingebrigtsen. Dermed vil dei nye flyktningane som Noreg i samarbeid med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) vil ta ut frå det tidlegare Jugoslavia, raskt kunne komme til Noreg.
28. juli oppmoda Høgkommissæren 30 land om raskt å stille 5.000 plassar til rådvelde for flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia. Som det første landet svara Noreg positivt, ved å seie seg villig til å ta imot 500 nye flyktningar. Andre land har komme etter, slik at det akutte behovet for å ta flyktningar ut frå området nå synast løyst.
Ved uttak av desse flyktningane vil Noreg som vanleg legge avgjerande vekt på dei prioriteringane UNHCR har. UNHCR meiner at det nå særleg er viktig at desse gruppene vert teke ut:
- Bosniere i leir i Kroatia.
- Personer med familieband i tredjeland.
- Flyktningar som risikerer tvangsmobilisering i Serbia
- Internerte bosniere frå Srebrenica og Zepa.
Med utgangspunkt i desse prioriteringane vil UNHCR legge konkrete saker fram for kommisjonen.
Uttakskommisjonen er no satt saman. Den blir leia av Utlendingsdirektoratet (UDI). Førebuingar har funne sted i samarbeid med UNHCR sitt kontor i Zagreb. Kommisjonen tek sikte på å ta ut inntil 350 flyktningar under sitt opphald i Kroatia. Også dei restererande plassane vil disponerast i samråd med UNHCR. - Vi reknar med at dei fleste av dei som nå vert teke ut kan komme til Noreg tidleg på hausten, seier Ingebrigtsen.
Lagt inn 30 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen