Forbod mot oppankring og fiske rundt Troll B-plattforma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.08.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Kommunal- og arbeidsdepartementet
Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67
Oslo, 11.08.95
Forbod mot oppankring og fiske rundt Troll B-plattforma
Regjeringa har i dag fastsett føresegn om å opprette eit område med forbod mot oppankring og fiske for ankerlinesystemet rundt Troll B-plattforma på Troll Oljeprovins. Forbodet gjeld fiske med botnreiskap som botntrål og snurrevad.
Områdeavgrensinga som er fastsett av tryggleiksgrunnar, vil gjelde frå produksjonsstart i januar 1996 og vil vare så lenge feltet er i produksjon.
Til grunn for avgjerda ligg ei heilskapsvurdering der behovet for forbod mot oppankring og fiske er vurdert opp mot eventuelle ulemper dette kan ha for anna verksemd i området, som til dømes fiskeriverksemd. Det er dessutan lagt vekt på at avgrensingane ikkje skal vere større enn absolutt nødvendig for å verne installasjonen. Områdeavgrensinga vil bli kunngjort for fiskerinæringa på vanleg måte gjennom Oljedirektoratet.
Oslo, 11. august 1995
Lagt inn 13 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen