Historisk arkiv

Framleis god økonomi i kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 01.11.95

Framleis god økonomi i kommunesektoren

Kommunesektoren hadde i 1994 det største overskotet sidan 1972. Også i 1995 vil det bli eit monaleg overskot. Det ser ut som om minsteinntektskommunane får ein større vekst enn gjennomsnittet i 1995. Det har hittil vore ein sterk vekst i dei kommunale investeringane, særleg til skuleformål. Dette kjem fram i ein rapport frå Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi. Rapporten vert lagt fram denne veka. I rapporten er overskotet før lånetransaksjonar rekna til 650 millionar kroner, noko som vil seie at gjelda framleis blir redusert.

  • Rapporten stadfester at det dei to siste åra har vore ei solid betring i den kommunale og fylkeskommunale økonomien. Det er gledeleg at denne veksten er blitt brukt på ein ansvarleg måte til å redusere gjeldsbøra i kommunesektoren. Handlefridommen til kommunane er nå monaleg styrkt, seier statsråd Gunnar Berge.

Skatteinntektene til kommunesektoren for 1995 vart i Nasjonalbudsjettet oppjusterte med i alt 1 200 millionar kroner i høve til tidlegare utrekningar. Den auka skatteinngangen er den viktigaste forklaringa på at kommunesektoren i 1995 vil kome ut med eit solid overskot før lånetransaksjonar.

Skatteinngangen hittil i år tyder på at kommunar med låge skatteinntekter (minsteinntektskommunar) får ein sterkare vekst enn gjennomsnittskommunen. Ein del av dei større bykommunane har til nå i år hatt ein relativt låg skatteinngang. Dette gjeld både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Utviklinga for etterskotsskatten kan endre dette biletet noko mot slutten av året.

Sysselsetjingsveksten i kommunesektoren vert rekna til ein prosent. Det svarer til 5000 sysselsette. Det er lågare enn det som har vore tilfellet dei siste åra.

Det har til nå i år vore ein sterk vekst i investeringsaktiviteten til kommunane. Veksten har særleg vore knytt til undervisningssektoren. Dette har sannsynlegvis sammenheng med gjennomføringa av grunnskulereforma og at elevtalet i grunnskulen er aukande.

Det er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet rekna ut korleis dei frie inntektene varierer mellom kommunane når ein korrigerer for variasjonar i utgiftsbehovet. Kommunane Finnmark og Oslo kommune har eit nivå på korrigerte frie inntekter som ligg om lag 21 prosent over landsgjennomsnittet, medan kommunane i Akershus har eit nivå på korrigerte frie inntekter som ligg om lag 17 prosent over landsgjennomsnittet. Lågast nivå på korrigerte frie inntekter har Telemark og Aust-Agder, med om lag 90 prosent av landsgjennomsnittet. Oslo og kommunane i Finnmark og Akerhus hadde den sterkaste veksten i korrigerte frie inntekter frå 1990 til 1994.

Lagt inn 3 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen