Historisk arkiv

Lov om regulering av byggjeverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 30.06.95

Lov om regulering av byggjeverksemd

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til ei ny lov om regulering av byggjeverksemd. Tilrådinga har si bakgrunn i opphevinga av Etableringslova i 1994. Då Etableringslova vart oppheva, mista styresmaktene den heimelen ein hadde til å regulera volumet i byggjemarkanden slik ein gjorde i 1987 då det vart innført ein tidsavgrensa etableringsstopp for nye næringsbygg i Oslo-området. Etableringsstoppen var eit ledd i Regjeringa si innstramming i økonomien som då var naudsynt.

  • Byggjeverksemda er ein stor sektor som spelar ei særs viktig rolle i norsk økonomi. Som leverandør til andre sektorar, vil ein auke i prisar og løner raskt kunne spreia seg til andre delar av økonomien. Dersom ein slik pressituasjon skulle koma, finn Regjeringa det ynskelegt at styresmaktene har ein heimel for å regulere verksemda i denne tunge sektoren i næringslivet. Dette for å hindre at aktiviteten lagar eit inflasjonspress som forplantar seg til andre deler av økonomien, seier statsråd Gunnar Berge. Den nye lova er ei beredskapslov som berre skal nyttast dersom vanskelege situasjonar oppstår.
  • Heimelen skal berre nyttast til å hindre dei akutte krisane i marknaden i avgrensa geografiske område, og vi vil difor tilrå at forskrifter om regulering av byggjeverksemda berre kan gjevast for eitt år av gongen, seier Berge.

Forholdet til konkurranselovgivinga har òg vore drøfta. Kommunal- og arbeidsdepartementet reknar med at tilhøve til konkurranselovgjevinga vil vere om lag det same som når det gjeld Etableringalova. Lova gjer ikkje heimel for å gje foresegner som diskriminerer utanlandske bedrifter eller investorar. Heller ikkje vil lova kunne føre til tilhøve som kan påverke handelen mellom EØS-partane, innskrenke eller fordreie konkurransen innan det territorium som er omfatta av EØS-avtalen.

Kommunal- og arbeidsdepartementet reknar med å delegera forvaltningsmynde til fylkeskommunane og kommunane i dei situasjonar lova eventuelt vert teke i bruk.


Lagt inn 31 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen