Historisk arkiv

Om lag 500 000 kroner til kvinne-kampanjen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 14.08.95

Om lag 500 000 kroner til kvinne-kampanjen

  • Det er viktig å få betre kjønnsbalanse i kommunestyra, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. Kommunal- og arbeidsdepartementet støttar Likestillingsrådets "Kampanje for fleire kvinner i kommunestyra 1995" med over ein halv million kroner før valet.

Departementet ønskjer å støtte kampanjen med eit tilskot på inntil 540 000 kroner. Pengane skal brukast til ein annonsekampanje framfor valet i haust. Departementet har tidlegare ytt eit tilskot på 20 000 kroner til produksjon av ein informasjonsbrosjyre. Denne fortel korleis veljarane kan rette på stemmesetelen og såleis påverke personsamansetninga i kommunestyra.

Ved førre kommunestyreval i 1991 vart kvinneprosenten mellom kommunestyrerepresentantane 28,5 prosent. Dette var ein nedgang på 2,7 prosent samanlikna med 1987, og representerte eit brot på ein langvarig tendens med auke i kvinneprosenten frå val til val.

  • Ved valet i haust vonar eg på ein kvinneprosent på godt over 30, sjølv om det aller beste hadde vore 40, som er kravet i likestillingslova, seier Gunnar Berge.

Kampanjen vert også støtta av Barne- og familiedepartementet.

Oslo, 14. august 1995

Lagt inn 14 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen