Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Nytt og betre lånetilbod i husbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 04.10.95

STATSBUDSJETTET 1996

Nytt og betre lånetilbod i husbanken

Regjeringa foreslår at Husbanken frå og med 1996 skal tilby nye lån til både flytande og fast rente, på lik linje med den ordinære kredittmarknaden. Rentenivået i dag ville gitt mellom 5 3/4 og 6 prosent på flytande lån og 7 prosent på fastrentelån.

  • Dette er eit svært gunstig lånetilbod samanlikna med kva ordinære kredittinstitusjonar tilbyr. Husbankkundane vil nyte godt av det solide kredittomdøme til staten ved at renta på statspapir vert lagt til grunn for rentefastettinga i Husbanken, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Regjeringa foreslår at renta på nye lån med flytande rente skal knyttast opp mot renta på statspapir med kort løpetid. Renta på desse statspapira er nå vel 5 1/4 prosent. Renta på flytande lån vil raskt tilpassa seg renteutviklinga elles i samfunnet. For kundar som ynskjer større stabilitet i rentenivået på husbanklånet, vert det foreslått at Husbanken tilbyr lån kor renta er knytta til renta på statspapir med lang løpetid. For å dekka opp deler av kostnadane til staten ved å driva Husbanken, vert statspapirrenta lagt til ein margin på 0,5 prosentpoeng.

  • Forslaget til nytt rentefastsettingssystem vil sikra at ein har eit robust system for rentefastsetting i Husbanken, og at Husbanken sine kundar vil få rimelege lånevilkår både på kort og lang sikt. Regjeringa foreslår at det nye systemet i første omgang vert gjort gjeldande for lån innvilga frå og med 1996. For lån med tilsagn før 1996, tar Regjeringa sikte på at låna går over til det nye systemet frå og med 1. januar 1997, understrekar Berge.

Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen