Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Regjeringa satsar på byfornying - Prioriterar Oslo indre aust

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 04.10.95

STATSBUDSJETTET 1996

Regjeringa satsar på byfornying - Prioriterar Oslo indre aust

Regjeringa foreslår ei løyving på i alt 228 millionar kroner til byfornying og bustadkvalitet. 128 millioner kroner er sett av til byfornying, mot 90 millionar kroner i år. 100 millioner kroner er sett av til det nye bustadkvalitetstilskotet som skal fremje spesielle bustadkvalitetar i eksisterande og ny bustadbygging i tette, bymessige strøk. Tiltak i Oslo indre aust vil bli prioritert.

  • Når me nå legg opp til å stimulera utviklinga av bustad- og bumiljøkvalitetar med eit nytt tilskot frå Husbanken, er det nett for å støtta tiltak som er samfunnstenelege og lønsame, men som den enkelte innbyggjar isolert ikkje vil velga å legga pengar i, seier Gunnar Berge. Slike tiltak kan gå på endringar av bustadstrukturen i området, betre høve for tilkomst av omsyn til eldre, og forbetringar i kollektive anlegg som er viktige for oppvekstmiljøet til barn og unge.
  • Særlig viktig er det å stimulera til større variasjon i folkesetnadsmønsteret i eldre bustadområde med ein einsidig samansetning av små husvære ved å gi tilskot til tilbygg og samanslåing av husvære. Dette gjeld blant anna i mange av bustadområda i storbyane frå mellomkrigstida , og i eldre drabantbyar fra etterkrigstida. Desse områda, som har mange gode bustadkvalitetar, tilfredsstiller likevel ikkje arealnormer av i dag for større barnefamiliar. Dette fører til stor gjennomflytting og ustabilitet i nærmiljø og for einsidig folkesetnadmønster. Kommunane vil nå få eit nytt verkemiddel i arbeidet for å påverke utviklinga i bustadområda, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen