Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Tilskot til unge i etableringsfasen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 04.10.95

STATSBUDSJETTET 1996

Tilskot til unge i etableringsfasen

I statsbudsjettet for 1996 gjer Regjeringa framlegg om å løyve 560 millionar kroner til bustadtilskot. Dette er ein auke i løyvinga til personretta tilskotsordningar i Husbanken på 300 millionar kroner frå 1995. Bustadtilskotet kan nyttast til bustadetablering for prioriterte grupper, utbetring av bustader for husstandar med svak økonomi, og dessutan til utleigebustader. Det vert foreslått at målgruppa for personretta tilskotsordningar, som eksisterar i dag, vert utvida til òg å omfatte unge i etableringsfasen.

  • Framleis må det vera slik at dei unge som har høve til det, må spare opp eigenkapital før dei kjøper eigen bustad. Samtidig veit ein at det er mange i etableringsfasen som ikkje har høve til å spare opp den nødvendige eigenkapitalen, og som derfor nå bur dårleg. Utvidinga av bustadtilskotsordninga er tenkt innretta nettmot denne gruppa, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Regjeringa ynskjer å styrka satsinga retta inn mot unge i etableringsfasen. Dette vert gjort både ved å styrka etableringslåneordninga og ved at dei førstegongsetablerarane som har behov for det, kan motta eit bustadtilskot til delvis dekking av nødvendig eigenkapital. - Ordninga vil bli behovsprøva, og me vil måtta legge vekt på både nåverande og framtidig inntekts- og eigenkapitalsituasjon. Etableringslåna vert formidla gjennom kommunane, og Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 1996 ein ny modell for tapsdelinga mellom kommunen og staten på desse låna, seier Berge.

Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen