Historisk arkiv

Veljargranskingar og valresultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 05.09.95

Veljargranskingar og valresultat

Det er ikkje tillate å drive veljargranskingar og liknande utspørjingar av veljarane i vallokala på valdagen. Det same gjeld rom og område i nærleiken av vallokala. Det er ikkje tillate å offentliggjere veljargranskingar, som er opptekne søndag og måndag, før valet er avslutta. Det same gjeld valresultat som er klare før vallokala stengjer. Desse reglane vert slegne fast i vallova og gjeld for det komande kommune- og fylkestingsvalet.

Vallova set ikkje noko generelt forbod mot veljargranskingar på valdagane. Slike granskingar kan gjennomførast så lenge det skjer andre stader enn i tilknyting til vallokala. Valstyret kan avgjere kva område som skal reknast for å vere like i nærleiken av vallokale. Leiar eller nestleiar i stemmestyret kan vise bort den som opptrer i strid med reglane i lova.

Det altså heilt i orden å gjere veljargranskingar, til dømes telefonintervju av veljarane, 10. og 11. september. Men resultat og prognose kan ikkje offentleggjerast før valdagen kl. 2100, altså etter at vallokala er stengde.

Det er ikkje noko til hinder for at meiningsmålingar som er opptekne før 10. og 11. september vert offentleggjorde på valdagane.

Ved tidlegare val har ein opplevd at valresultat er blitt offentleggjorde før alle vallokala har stengt. Dette kjem av at somme vallokale stengjer lenge før andre. Dette har kunna påverke røystinga. Lova slår nå fast at dette ikkje er tillate.

Oslo, 5. september 1995

Lagt inn 7 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen