Historisk arkiv

Distrikts- og regionalpolitikken blir vidareført på eit høgt nivå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 4.10.96

Statsbudsjettet 1997 nr. 7

Distrikts- og regionalpolitikken blir vidareført på eit høgt nivå

Operasjonsramma, som viser aktivitetsnivået innafor distrikts- og regionalpolitikken, blir redusert med 3,4 prosent i framlegget til statsbudsjett for 1997. Det blir foreslått ei operasjonsramme på 1565 millionar kroner.

Løyvingsramma blir redusert med 11,9 prosent i same periode. I tillegg til reduksjonen i operasjonsramma skuldast dette lågare tap på lån og garantiar som vart gjeve under frifylkeforsøka 1988-92 og lågare tap på låneårgangar utan tapsavsetningar.

Garantiordninga er også foreslått avvikla i budsjettframlegget for 1997. Årsaka er låg etterspørsel etter garantier dei seinare åra.

  • Dei gode tidene for næringslivet generelt gjer bedriftene sjølv betre i stand til å foreta nødvendige investeringar. Det ligg difor ikkje noko dramatisk i at løyvingane til distriktspolitiske formål blir redusert, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. Tvertimot viser budsjettet at regjeringa ynskjer å vidareføre den aktive distrikts- og regionalpolitikken vi har ført i Noreg.

Innafor dei reduserte rammene for regional- og distriktspolitikken har departementet valt å prioritere regional tilrettelegging for næringsutvikling, kompetanse, nyskaping og internasjonalt samarbeid. Løyvingar som i særleg grad er retta mot desse formåla er blitt skjerma eller berre redusert i mindre grad.

Nasjonale program for regional utvikling som er spesielt retta mot kompetanse i dei små- og mellomstore bedriftene i distrikta blir auka med 2 millionar kroner til om lag 91 millionar kroner. Programmet SMB-kompetanse er ei nysatsing på denne posten. SMB-kompetanse skal stimulere bedrifter til å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft. Programmet byggjer mellom anna på erfaringane frå utplasseringsordninga i Nord-Noreg.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen