Historisk arkiv

Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjett vert lagt om

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 4.10.96

Statsbudsjettet 1997 nr. 1

Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjett vert lagt om

Dei samla utgiftene for budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i forslaget til statsbudsjett vere på 58,2 milliardar kroner, ein auke på 12,5 milliardar kroner eller 31,7 prosent i forhold til 1996. Ser vi bort frå tekniske endringar på grunn av skattefordelingsfondet og rentestøtten, blir det samla budsjettet omtrent uendra.

Skattefordelingsfondet blei tidlegare brukt for å ta inn fellesskatt og igjen føre han ut som rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar. Dette fondet er nå lagt ned og heile systemet er teke inn i statsbudsjettet. Det fører til at Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett aukar med 14,5 milliardar kroner.

Samtidig får vi ei teknisk omlegging av innlånssystemet til Husbanken. Saman med eit lågare tapsoverslag i Husbanken fører det til at løyvinga til programområdet 14 vert redusert med 1,9 milliardar kroner.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen