Historisk arkiv

lettare å ta inn læringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 10.04.96

Nye forskrifter på høyring: lettare å ta inn læringar

Kommunal- og arbeidsdepartementet sender ut på høyring eit framlegg om unntak frå forbodet mot utleige av arbeidskraft. Unntaket gjeld læringeordninga, som det til nå har vore vanskeleg å få fart i.

  • Framlegget vil gjere det lettare for små bedrifter å ta inn læringar. Det vil auke sjansane for å nå målet om 17.000 nye lærekontraktar kvart år, seier statssekretær Erik Orskaug.

Denne typen utleigeverksemd har ikkje dei skadeverknadene som anna utleige kan ha. Lærlingen er verna av lov om fagopplæring. Det er heller ikkje fare for at motivasjonen til arbeidsgivaren for å drive intern kompetanseutvikling kan bli svekt. Den utleiga som skjer, skjer nettopp for at lærlingen skal få tilstrekkeleg opplæring.

Lærlingeordninga kan organiserast gjennom opplæringsringar. Lærlingen får opplæring og praksis også i andre bedrifter enn lærebedrifta dei er tilsette i.

  • Dette kan med dagens reglar kome i konflikt med sysselsettjingslova. Bedriftene må søkje dispensasjon frå forbodet i kvart enkelt tilfelle. Det nye framlegget inneber at dette ikkje blir nødvendig, seier statssekretær Erik Orskaug.

Høyringsfristen for endringsframlegget er 10. juli 1996.


Lagt inn 11 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen