Historisk arkiv

Utdanning av deltidsbrannmen skal utreiast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 27.09.96

Utdanning av deltidsbrannmen skal utreiast

Kommunale deltidsbrannmenn skal få høve til å heve sin kompetanse. Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) og Kyrkje- utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) har beslutta å sette ned ei arbeidsgruppe for å greie ut ei slik utdanning.

Utgreinga er ei oppfølging av NOU 1992:22 om framtidig utdanning av personell til dei kommunale brannvesen, og ny forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen ("dimensjoneringsforskrifta").

  • Det er særs viktig at deltidsbrannmenn kan få tilbod om ei basis-utdanning, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge. I dag er det ikkje noko slikt tilbod til deltidsbrannfolk. Det er omlag 12.000 deltidsbrannfolk rundt i landet. Som kjent baserer dei fleste brannvesen seg på slikt personale.

Då dimensjoneringsforskrifta blei fastsett, vart prinsippet om at deltidsbrannmenn har krav på ei utdanning slått fast. Men ein utsette tidspunktet for når den skulle ta til å gjelde til innhaldet i og finansieringa av utdanninga var nærare avklåra .

Arbeidsgruppa skal avslutte sitt arbeid innan 1. februar 1997. Då må dei to departementa avgjere både utdanninga sitt innhald, og ta stilling til kven som skal finansiere den.

Lagt inn 27 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen