Historisk arkiv

Endringar i åndsverklova trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kulturdepartementet


Kontaktperson: Eksp.sjef  Helge Sønneland, tlf. 22 34 80 02

Sperrefrist: Ingen
Pressemelding 55/95, 27.06.1995

ENDRINGAR I ÅNDSVERKLOVA TRER I KRAFT

Dei omfattande endringane i åndsverklova som Stortinget har vedteke, trer i kraft 30. juni. Lova legg opp til betre sikring av rettane til opphavsmenn og utøvarar, samstundes som brukarane lettare skal få klarert verna materiale. Vernetida for åndsverk er blitt utvida frå 50 til 70 år, og er dermed harmonisert med EUs reglar. Fotografilova er no innarbeidd i åndsverklova.

Utvidinga av vernetida inneber ei omfattande gjenopp- living av rettar. Overgangsreglar er fastsette, særleg av omsyn til dei som har pådrege seg vesentlege kostnadar i samband med bruk av verk som etter tidlegare norske reglar ikkje lenger var verna. Dei får frist inntil 1. januar 2000 med å avslutte igangsett eller førebudd bruk av åndsverk som no igjen blir verna.

Revisjonen av åndsverklova er den mest omfattande på 30 år.Målet har vore å tilpasse opphavsrettslovgjevinga til den teknologiske utviklinga og samfunnsutviklinga elles. Det er lagt stor vekt på å ta vare på og styrkje den nordiske rettseinskapen på området.

Vekstpotensialet for verksemd tufta på opphavsrett er stort. I USA er det den nest største eksportindustrien. I Finland utgjer dette området 3-5 prosent av bruttonasjonalproduktet. Tre prosent av det norske BNP vil seie det same som landbruk, fiske og bergverk utgjer til saman.

Lagt inn 27 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen