Garantiinntekter for kunstnarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.04.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: Ingen
Pressemelding 33/95, 21.04.1995
GARANTIINNTEKTER FOR KUNSTNARAR
27 biletkunstnarar har no fått tildelt statens garantiinntekt for kunstnarar. Tildelinga er gjord av utvalet for statens garantiinntekter for kunstnarar etter innstilling frå Norske Billedkunstneres stipendkomite.Tidlegare i år har 9 kunstnarar fått garantiinntekt. Garantiinntektsordninga omfattar no ca. 500 kunstnarar.
Garantert minsteinntekt svarer til lønnstrinn 1 i stats- regulativet med frådrag av 65 prosent av eigeninntekta to år før. Maksimal garantiinntekt er 124 200 kroner i 1995.
Vedlegg: Oversikt over tildelte nye garantiinntekter (ikke tilgjengelig på ODIN)
Lagt inn 20 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen