Historisk arkiv

Krav til TV 2 og P4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf.22 34 78 09
Pressemelding 109/95, 15.12.1995

Krav til TV 2 og P4

Allmennkringkastingskrava til TV 2 og P 4 blir inn- skjerpa. I ei stortingsmelding om kringkasting og dags- presse blir det streka under at etter konsesjonsvilkåra skal sendingane over tid innehalde eit variert utval av program for så vel breie som smale sjåargrupper. Stortingsmeldinga er tufta på årsmeldingane frå NRK, TV 2, P4 og Statens medieforvaltning for 1994.

Kulturdepartementet slår fast at TV 2 bør sende eit fullverdig tilbod til barn og minoritetar, og at det ikkje skulle vere økonomiske hinder for det. Departementet meiner at P4 ikkje følgjer prinsippa for allmennkringkasting fullt ut. Blant anna viser ei undersøking gjort for Norsk kulturråd at P4 har lite kulturstoff i sendingane.

Både TV 2 og P4 får kritikk for mangelfull statistikk i årsmeldingane sine. Departementet gjer det klårt at TV 2 må gi ein meir detaljert statistikk over programverksemda, som kan gi eit betre grunnlag for å vurdere om TV 2 driv i samsvar med føresegnene om allmennkring- kasting i konsesjonsvilkåra.

P4 legg ikkje fram nokon statistikk over programprofilen. Mykje plass i årsmeldinga til P4 blir brukt til å setje spørjeteikn ved innhaldet i allmennkringkastingsomgrepet. Departementet strekar under at vilkåra som er sette i konsesjonen ligg fast og ikkje er tema for forhandlingar. Det er ein føresetnad at P4 i neste årsmeldinga gjer nærmare greie for programverksemda på grunnlag av statistikk og annan relevant informasjon.

Kulturdepartementet tek sikte på å oppnemne eit allmennkringkastingsråd på nyåret. Til hjelp for rådet si verksemd vil departementet utarbeide kriterium for måling av allmennkringkasting.


Lagt inn 20 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen