Historisk arkiv

Ny direktør ved Nasjonalgalleriet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Arne Holen, tlf. 22 34 80 05

Sperrefrist: fredag 16.6.1995, kl.1130
Pressemelding 48/95, 16.06.1995

NY DIREKTØR VED NASJONALGALLERIET

Førstekonservator Tone Skedsmo(49) er i statsråd tilsett som ny direktør ved Nasjonalgalleriet. Ho etterfølgjer Knut Berg som går av ved oppnådd aldersgrense i august. Den nye direktøren er tilsett på åremål for ein periode på seks år, med høve til tilsetjing i ytterlegare seks år.

Til stillinga som direktør for Nasjonalgalleriet melde det seg åtte søkjarar. Kulturdepartementet har etter ei samla vurdering slutta seg til styret sitt syn at Tone Skedsmo er best kvalifisert. Ved tilsetjinga er det lagt spesiell vekt på dei store utfordringane Najonalgalleriet står føre, med nybygg og fleire oppgåver i samband med den nasjonale planen for formidling av biletkunst.

Tone Skedsmo har magistergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo i 1976. Ho var museumsassistent ved Munch-museet 1970-76. I 1976 var ho museumslektor ved Oslo kommunes kunstsamlinger, og i 1977-78 redaksjonssekretær for Norsk kunstnerleksikon. Frå 1978 har ho vore tilsett som konservator ved Nasjonalgalleriet, frå 1986 som førstekonservator og frå 1994 som leiar for avdelinga for måleri og skulptur. Frå 1989 har ho vore redaktør for tidsskriftet Kunst og Kultur.

Lagt inn 23 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen