Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 113, 7 mill. kroner til kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 85/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

113, 7 mill. kroner til kulturbygg

Løyvingane til kulturbygg er i 1996 foreslått til 113,772 mill. kroner. Til investeringstilskott til lokale og regionale kulturbygg blir det foreslått 40,05 mill. kroner. Løyvingsframlegget til kulturbygg som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon er på 73,722 mill. kroner.

Nybygget for Trøndelag Teater er også i 1996 det største enkeltprosjektet, og det får eit tilskott på 60 mill. kroner. Til Trøndelag Teater står det att 14,8 mill. kroner å løyve i 1997.

Løyving til andre prosjekt i 1996 er 3 mill. kroner til Vikingmuseet på Borg, 3,5 mill. kroner til Griegsamlinga, som skal flytte frå Bergen bibliotek til Griegsenteret i Grieghallen, 1,2 mill kroner til Rikspolitisk Historisk Senter på Eidsvoll og 5 mill. kroner til Grenselandmuseet i Sør Varanger, som skal vere senteret for Sør Varanger Museum og vise kommunen som grenseland i naturmessig, kulturell og historisk samanheng.

Når det gjeld Ivar Aasen-senteret i Ørsta, vil departementet komme tilbake til dette i eit tillegg til budsjettproposisjonen. Det same gjeld spørsmålet om lokalisering av Riksteatret og ein eventuell samlokalisering av riksinstitusjonane (Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar).


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen