Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 15 mill. kroner til rock

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 82/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

15 mill. kroner til rock

Musikkverkstadordninga for rock, jazz og folkemusikk blir vidareført med 10,2 mill. kroner i 1996. Formål innanfor rock utgjer over halvparten av løyvinga. Ordninga vart evaluert i 1994, og konklusjonen var at i hovudsak har dette fungert slik føresetnaden frå Stortinget var. Med bakgrunn i rapporten er det utarbeidd nye retningslinjer som tek omsyn til dei særskilde behova innanfor kvar sjanger. Dei inneber også at ordninga får ein klarare ungdomsprofil. Retningslinjene er sette i verk frå og med 1995.

Løyvinga til Samla Norsk Rock blir vidareført med 4 mill. kroner i 1996. I tillegg får Norsk Rockforbund eit driftstilskott på vel 1 mill. kroner. Etableringa av Samla Norsk Rock har ført til ein betre og meir samordna kommunikasjon med det offentlege. Av løyvinga på 4 mill. kroner i 1995 går 2 mill. kroner til etablering av eit arrangørnettverk og 2 mill. til etablering av stabile organisasjonsstrukturar innanfor rockfeltet. Arbeidet med det nasjonale turnénettet er hovudsatsingsområde for Samla Norsk Rock dei nærmaste åra. I 1995 tek ein sikte på å ha etablert sju arrangørstader. Turnénettet vil også vere godt tenleg for andre typar rytmisk musikk, og ein legg opp til samarbeid med andre sjangrar, særleg jazz.

Ordninga med turné-, festival- og transportstøtte for profesjonelle utøvarar innanfor rock og nærskylde musikkformer held fram med same beløpet som tidlegare, 3,5 mill. kroner. Ordninga blir administrert under Rikskonsertane. Vidare får også ein del rockmusikarar støtte til turnéar gjennom Norsk Musikantbruk, og på budsjettet til Rikskonsertane er det sett av vel 1 mill. kroner til konserttiltak innanfor rock.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen