Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 169,2 mill. kroner til biletkunst og kunsthandverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 76/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

169,2 mill. kroner til biletkunst og kunsthandverk

Regjeringa satsar på auka formidling av biletkunst og kunsthandverk, slik stortingsbehandlinga av kulturmeldinga la opp til. Den nasjonale planen for formidling av biletkunst og kunsthandverk som låg føre hausten 1994, vidareførte og konkretiserte intensjonane i kulturmeldinga og skisserte eit formidlingsnettverk med oppgåver og aktørar. Det er eit mål i planen å leggje til rette for betre ressursutnytting i den formidlinga som heilt eller delvis er statleg finansiert. Departementet utarbeidde i 1995 ein rapport om innhaldet i omgrepet knutepunktinstitusjon. Rapporten skal vere styrande for utviklinga av institusjonane.

Det blir gjort framlegg om eit tilskott på totalt 169,2 mill. kroner til biletkunst og kunsthandverk i 1996. Av nye midlar er m.a. lagt inn:

  • 4 mill. kroner i netto budsjettauke i samband med etableringa av Riksutstillingar som ein sjølvstendig statsinstitusjon frå hausten 1996. I samband med dette gjer departementet også framlegg om at Riksutstillingar i 1996 får 13 stillingar, av desse er seks overførte frå Museet for samtidskunst.
  • 2,7 mill. kroner til Nasjonalgalleriet for å dekkje auka driftskostnader som følgje av nye tryggingstiltak og for å styrkje formidlingsarbeidet.
  • 2 mill. kroner i auke til Utsmykkingsfondet for offentlege bygg.
  • Nær 1,2 mill. kroner til Sørlandets Kunstmuseum (inkludert prosjekt i samarbeid med kunsthandverk- miljøet i Risør) og
  • vel 0,6 mill. kroner til Nordnorsk Kunstmuseum.
  • 0,9 mill. kroner i auke i tilskottet til Norske Kunsthåndverkere for å skipe til utstilling/utsal(FORMAT) i Bergen og for å styrkje formidlingsarbeidet m.a. på regionalt nivå.
  • 0,2 mill. kroner i auke til Biennalekomiteen.

Utstillingstipend for utstillingsverksemd i kommunar og fylke blir auka frå 2,5 til 3 mill. kroner. Løyvingane til utstillingsvederlag for knutepunkt- institusjonane og visingsvederlag er oppjusterte i samsvar med sannsynlege overslag over behov i 1996.

540 000 kroner blir foreslått til drift av det nye nordiske kunstnarsentret i Fjaler i Sogn og Fjordane.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen