Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Auka tilskott til Den norske opera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 81/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

Auka tilskott til Den norske opera

Den Norske Opera får ein auke på 5 mill. kroner i tilskottet i 1996. Framlegget tek sikte på å tryggje det kunstnarlege nivået og breidda i repertoaret og inkluderer også 1,2 mill. kroner i auka pensjonskostnader. Dessutan blir det løyvt 5 mill. kroner til Riksoperaverksemda ved Den Norske Opera.

Den Norske Opera har hatt ein vanskeleg driftssituasjon dei siste åra. I 1994 fekk institusjonen eit driftsunderskott på 1,9 mill. kroner, m.a. på grunn av publikumssvikt i samband med OL-satsinga og avlysing av framsyningar som følgje av streik. Departementet har i 1995 måtta yte eit omframt tilskott på 1,5 mill. kroner til Operaen.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen