Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Dans eit satsingsområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 80/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

Dans eit satsingsområde

Styrkinga av profesjonell dans held fram i 1996.

Riksteatret får 1 mill. kroner ekstra for å utvide turnéverksemda innanfor dans.

Senter for Dansekunst i Oslo får ein auke på 0,5 mill. kroner i driftstilskottet.

For å sikre heilårsdrift ved Nye Carte Blanche i Bergen blir løyvinga auka med 1 mill. kroner.

Med dette har statlege tilskott til tiltak for profesjonell dans fått ein auke på 7 mill. kroner sidan 1993. I tillegg kjem den generelle styrkinga av Den Norske Opera som også vil komme Nasjonalballetten til gode.

Kulturdepartementet vil arrangere ein konferanse om dansens framtid i Noreg i samarbeid med Norsk Ballettforbund i Oslo 20. november. Deltakarar vil vere kulturpolitikarar og representantar for styresmaktene, for dansarane sine organisasjonar, for utdanningsinstitusjonar og for institusjonar som gjer bruk av dansarane.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen