Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Satsing på arkitektur, omgivnader og design

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 75/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

Satsing på arkitektur, omgivnader og design

Kulturdepartementet held fram arbeidet med å skape forståing for estetisk kvalitet i omgivnadene. Det er eit mål at staten skal vere eit føredøme når det gjeld estetisk kvalitet i eigne bygg og anlegg.

NORSK FORM

Til stiftinga Norsk Form blir det tilrådd å løyve 9,27 mill. kroner i 1996, ein auke på om lag 9 prosent. Norsk Form har i 1995 hatt "estetikk i kommunane" som viktig satsingsområde, og har styrkt kontakten med kommunar og fylke over heile landet, mellom anna ved samarbeid med Kommunenes Sentralforbund. Auken i Norsk Forms budsjett skal mellom anna nyttast til å styrkje bemanninga, slik at ein betre kan følgje opp med råd og rettleiing til kommunane.

I 1995 har Norsk Form avslutta ei rekkje prosjekt, som til dømes arbeidet med retningslinjer for bensin- stasjonars estetikk, eit nordisk utstillingsprosjekt om OL-design, utstillinga "Bare plast" på Maihaugen og utstillinga om norske heimar i etterkrigstida. I 1996 vil Norsk Form halde fram verksemda med utstillingar, konfe- ransar og ei rekkje andre prosjekt. Eit viktig satsings- område vil vere "Norge langs vegen", som tek opp turistane og ferdafolket sitt miljø omkring i landet.

UTSMYKKINGSFONDET

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg blir styrkt med 2 mill. kroner, til 16,8 mill. kroner i 1996. Fondet fordeler midlar til utsmykking av nye og eldre statlege bygg og kan gi opp til ein tredjepart av kostnadene ved utsmykking av fylkeskommunale og kommunale bygg.

Departementet arbeider for å utvikle den offentlege utsmykkingsordninga, med særskild vekt på betre prosedyrar for finansiering av kunstnarleg utsmykking ved større statlege utbyggingstiltak. Det blir samarbeidd med andre departement om dette.

NORSK ARKITEKTURMUSEUM

Til Norsk Arkitekturmuseum er det gjort framlegg om å løyve 1,84 mill. kroner. I tillegg vil departementet vurdere å gi støtte til nokre utstillingsprosjekt. I år vil museet opne den første delen av ei permanent utstilling om norsk arkitektur. Museets samlingar er sikra betre arkivforhold. I 1996 vil Norsk Arkitekturmuseum halde fram arbeidet med den permanente utstillinga, publikasjonar, informasjonsverksemd og nye utstillingar.

ULIKE PROSJEKT

2 mill. kroner vil bli løyvde til prosjekt som skal medverke til betre estetisk kvalitet i omgivnadene. Det vil m.a. komme forslag frå den interdepartementale gruppa som skal syte for betre samordning av den statlege politikken på dette området. I 1995 har denne gruppa, som Kulturdepartementet leier, gitt ut ein brosjyre som gir oversyn over det statlege arbeidet innanfor området. Det er utarbeidd forslag til retningslinjer for handtering av estetikk-spørsmål i statlege bygg og anlegg. Desse er no ute på høyring og blir etter planen sluttbehandla dette året. Eit omfattande prosjekt for å utvikle eit grafisk designprogram for departementa er sett i gang.

Midlane vil også bli nytta i andre statlege felles- prosjekt, som til dømes arbeidet for betre byggjeskikk, "Arkitektur og omgivelser - et skoleprosjekt", der målet er å innarbeide estetikkspørsmåla i grunnskole og vidaregåande skole på ein god måte. I 1996 vil midlane bli nytta til fleire nye prosjekt, mellom anna ei statleg designtevling, og til vidareføring av dei løpande prosjekta.

Den økonomiske stønadsordninga til arkitektfagleg saksbehandling i dei kommunane som ikkje har arkitekt, blir ført vidare i 1996. Målet er å betre den arkitektoniske og estetiske kvaliteten i dei lokale kulturbygga som får støtte frå Kulturdepartementet.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen