Statsbudsjettet 1996 - Statstilskott til samtidsmusikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00 Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000 Pressemelding 83/95, 04.10.1995
STATSBUDSJETTET 1996
Statstilskott til samtidsmusikken
Til BIT 20, eit ensemble for samtidsmusikk i Bergen, blir det foreslått 0,6 mill. kroner i driftstilskott i 1996. Ensemblet har fått støtte som prøveprosjekt under Norsk kulturråd i tre år og vart vidareført som ei overgangs- ordning for 1994 og 1995 med støtte frå rådet. Ensemblet har opparbeidd seg ein sentral posisjon innanfor fram- føringa av samtidsmusikk, både i Bergensregionen og i det nasjonale musikklivet. Framlegget om 0,6 mill. kroner til BIT 20 er gjort under føresetnad av at dei organisatoriske sidene ved drifta, eventuelle samarbeidsformer og spørs- målet om regional støtte finn si løysing.Til Ny Musikks ensemble Cikada er det foreslått ein auke på 150 000 kroner, til 0,6 mill. kroner i 1996. Bakgrunnen for auken er at ensemblet skal kunne styrkje satsingane sine nasjonalt og internasjonalt.
Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen