Historisk arkiv

Statsgravferd for Haldis Moren Vesaas

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


Kontaktperson: Informasjonssjef Berit Griebenow,  tlf. 22 34 78 09

Sperrefrist: Ingen
Pressemelding 64/95, 08.09.1995

STATSGRAVFERD FOR HALLDIS MOREN VESAAS

Regjeringa har avgjort at Halldis Moren Vesaas skal gravleggjast på statens kostnad. Med denne ærevisinga vil vi heidre hennar minne og gi uttrykk for respekt og takksemd for hennar store og verdifulle innsats, seier kulturminister Åse Kleveland.

Halldis Moren Vesaas var ein allsidig kulturpersonlegdom som gjennom sin kulturelle innsats sette varige spor etter seg i norsk kulturliv, seier Åse Kleveland, og understrekar at ho gledde mange gjennom diktinga si, kanskje særleg gjennom lyrikken, og ved gjendikting av utanlandsk dramatikk. Ho redigerte utval og antologiar og gjorde oss kjende med diktarparet Vesaas gjennom memoarbøkene. At innsatsen på dei ulike områda vart verdsett, viser alle prisane ho vart tildelt, som Bastianprisen, Norsk kulturråds ærespris og Brageprisens heiderspris. Ho vart kommandør av St. Olav i 1984.

Halldis Moren Vesaas vil bli gravlagd i Vinje fredag 15. september.

Lagt inn 8 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen