Underdirektør i Kulturdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 27.01.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef H. Sønneland, tlf 22 34 80 02
Sperrefrist: Etter statsråd 27.01.1995
Pressemelding 9/95, 27.01.1995
Underdirektør i Kulturdepartementet
Byråsjef Bengt Olav Hermansen (44) er i statsråd konstituert som underdirektør i Medieavdelinga i Kulturdepartementet.
Bengt Olav Hermansen har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1982. Frå 1982 til 1986 var han saksbehandlar i Kultur- og vitskapsdepartementet. 1986-88 var han dommarfullmektig ved Vinger og Odal sorenskrivarembete. Frå 1988 var han prosjektleiar i Kultur- og vitskapsdepartementet, og frå 1990 byråsjef i Utdannings- og forskingsdepartementet. Sidan hausten 1990 har han vore byråsjef i Kulturavdelinga, og seinare i Medieavdelinga i Kulturdepartementet.
Lagt inn 20 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen