Historisk arkiv

143,4 mill kroner til kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

77/96, 4 oktober 1996

143,4 mill kroner til kulturbygg

Løyvingane til kulturbygg over Kulturdepartementets budsjett er i 1997 foreslått til 76,95 mill. kroner. Av dette blir 25,05 mill. kroner foreslått til investeringstilskot til lokale og regionale kulturbygg. Løyvingsframlegget til kulturbygg som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon er på 51,9 mill. kroner.

Det blir dessutan foreslått sett av 67 mill. kroner til statlege byggeprosjekt på kultursektoren over Administrasjonsdepartementets budsjett. Av dette skal 65 mill. kroner gå til samlokaliseringa av dei tre riksinstitusjonane Riksteatret, Rikskonsertane og Riks- utstillingar på Nedre Foss i Oslo. Den totale kostnadsramma er på 273 mill. kroner. Departementet gjer dessutan framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner til forprosjektering av ombygging og restaurering av Universitetsbiblioteket i Oslo etter at institusjonen flytter og bygget skal overtakast av Nasjonalbiblioteket.

NASJONALE KULTURBYGG

Trøndelag Teater

Nybygget til Trøndelag Teater er framleis det største prosjektet av dei nasjonale kulturbygga. Teatret får eit siste tilskot på 14,8 mill. kroner i 1997, året då Trondheim feirar sitt 1 000-årsjubileum. Samla statleg tilskot til det nye teaterbygget er på 150 mill. kroner.

Ivar Aasen-tunet

Det statlege investeringstilskotet er sett til 24 mill. kroner, av dette blir 6,5 mill. kroner foreslått løyvd i 1997. Volda og Ørsta kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å gje investeringstilskot for til saman 16 mill. kroner innanfor ei øvre investeringsramme på 40 mill. kroner.

Prøysenhus

Stortinget løyvde for 1996 1,7 mill. kroner til Prøysenhus på Rudshøgda i Ringsaker kommune. For 1997 gjer Kulturdepartementet framlegg om 1,8 mill. kroner til ombygging av lokala og skiping av utstilling, og 2 mill. kroner til kjøp av huset. Føresetnaden er at kommunen fullfinansierer ombygginga, utstillinga og huskjøpet, og tek ansvaret for drifta av Prøysenhus.

Rikspolitisk Historisk Senter, Eidsvoll

Stortinget har vedteke ei total kostnadsramme for dette prosjektet på 45 mill. kroner. Den statlege delen skal utgjere 29 mill. kroner inkludert minnemyntmidlar på 12 mill. kroner. Akershus fylkeskommune og Eidsvoll kommune dekkjer til saman 16 mill. kroner. Statsbygg har teke over byggherreansvaret for prosjektet. Eit brukarutval med representantar frå stat, kommune og fylkeskommune er no i gang med å definere innhaldet i senteret.

Sørlandets kunstmuseum

Til Sørlandets Kunstmuseum gjer departementet framlegg om ei tilsegn på totalt 21 mill. kroner, og 10 mill. kroner av dette i tilskot i 1997, til ombygging av lokale i Katedralskulen i Kristiansand. Føresetnaden er regional medfinansiering av byggjesaka.

Rogaland Teater

Til Rogaland Teater i Stavanger blir det gjort framlegg om ei tilsegn på 15 mill. kroner og eit tilskot i 1997 på 7,5 mill. kroner til utbygging av teaterverkstadene. Det er ein føresetnad at kommunen og fylkeskommunen tek del i finansieringa.

Hålogaland Teater

Til Hålogaland Teater blir det foreslått 1 mill. kroner til vidare prosjektering av nytt teaterbygg. Teatret er no leigetakar i kulturhuset i Tromsø.

Troldhaugen

Til nybygget på Troldhaugen i Bergen blir det gjort framlegg om 2,5 mill. kroner til lokale for konservering og forsking.

Trøndelag Folkemuseum

3,5 mill. kroner blir foreslått til igangsetjing av tilbygg ved Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim.

Andre prosjekt

Til eit dokumentasjonssenter ved Norsk Folkemuseum blir det foreslått eit tilskot på
1,8 mill. kroner. Til rehabilitering av Kunstnernes Hus i Oslo blir det foreslått sett av
0,3 mill. kroner, slik at samla tilskot til dette arbeidet blir på 1 mill. kroner i 1997. Til AJA samiske senter i Kåfjord blir det gjort framlegg om 0,2 mill. kroner til ferdigfinansiering av første byggjesteg.

LOKALE OG REGIONALE KULTURBYGG

25,05 mill. kroner blir foreslått til lokale og regionale kulturbygg. Inntil 25 prosent kan nyttast til regionale bygg. For dei prosjekta som får midlar, blir tildelingane fordelte over fleire år. Til dei regionale kulturbygga som fekk midlar i 1995 og 1996, gjenstår i 1997 sluttløyving til Dampsaga kulturhus i Steinkjer, Elvarhøy kulturhus på Elverum, Finnsnes kulturhus, Granvin kulturhus i Seljord, Lillestrøm kultursenter, Nøtterøy kulturhus, Rjukanhuset og Storstova på Jæren, Bryne.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen