Historisk arkiv

188,5 mill kroner til biletkunst og kunsthandverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

64/96, 4 oktober 1996

188,5 mill kroner til biletkunst og kunsthandverk

Regjeringa satsar på auka formidling av biletkunst og kunsthandverk, slik stortings-

behandlinga av kulturmeldinga la opp til. Det blir gjort framlegg om eit tilskot på totalt 188,5 mill. kroner til biletkunst og kunsthandverk i 1997. Av auka midlar er m.a. lagt inn:

- 3,9 mill. kroner i auka tilskot til Riksutstillingar, som får ei samla løyving på 19,8 mill. kroner i 1997. Departementet gjer også framlegg om at Riksutstillingar i 1997 får tre nye stillingar. Desse kjem i tillegg til dei 13 stillingane Riksutstillingar no har.

- Riksutstillingar har ei sentral rolle i oppfølginga av den nasjonale planen for biletkunst og kunsthandverk. Departementet foreslår eit tilskot på 2 mill. kroner til Riksutstillingar til oppfølging av nasjonal plan/Pilotgalleriprosjekta for barn og unge.

- Sørlandets Kunstmuseum, som også får midlar til kunsthandverk-prosjekt, har ikkje eige lokale. Museet får tilsegn om totalt 21 mill. kroner til å byggje om Katedralskulen i Kristiansand. 10 mill. kroner blir foreslått for 1997.

- Tilleggsløyving til ombygginga av Kunstnernes Hus, slik at samla tilskot til ombygginga i 1997 blir 1 mill. kroner.

- 0,1 mill. kroner til utbygging av data og IT og nye 0,5 mill. kroner til vidareutvikling av tryggingstiltak i Nasjonalgalleriet.

- 0,6 mill. kroner til styrking av den kunstfaglege staben ved Museet for samtidskunst.

- 0,43 mill. kroner til auka husleigeutgifter ved Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst

- Ein auke på 0,5 mill. kroner til styrking av den kunstnarstyrte formidlinga på biletkunstområde og 0,15 mill. kroner til NBK og Høstutstillinga.

- Løyvingane til utstillingsvederlag for knutepunktinstitusjonane og visingsvederlag er oppjusterte med om lag 0,8 mill. kroner i samsvar med overslag over sannsynlege behov i 1997.

- Tilskotet til Landslaget Forming i Skolen er styrkt med 0,15 mill. kroner.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen