Historisk arkiv

Auka kvalitet i arkitektur og design

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

79/96, 4 oktober 1996

Auka kvalitet i arkitektur og design

Kulturdepartementet held fram med å auke breidda i arbeidet med å skape forståing for estetisk kvalitet i omgjevnadene. Det er eit mål at staten skal vere eit føredøme når det gjeld estetisk kvalitet i eigne bygg og anlegg.

1,7 mill. kroner blir i 1997 løyvt til prosjekt som skal medverke til betre estetisk kvalitet i omgjevnadene. Forslag vil m.a. kome frå den interdepartementale kontaktgruppa for estetisk kvalitet i offentlege miljø som Kulturdepartementet leiar. Gruppa samordnar statlege tiltak og ressursbruk på dette området. Rettleiaren "Estetikk i statlige bygg og anlegg" er utarbeidd, og kontaktgruppa arbeider med oppfølging av denne. Gruppa vurderer også utvikling av eit breiare program for arkitektur og omgjevnader. Eit forslag til nytt grafisk designprogram for departementa blir gjort kjent hausten 1996.

Midlane vil bli nytta i andre statlege fellesprosjekt, som til dømes arbeidet for betre byggjeskikk og skuleprosjektet "Arkitektur og omgivelser", der målet er å innarbeide estetikkspørsmål i grunnskule og vidaregåande skule.

Den økonomiske stønaden til arkitektfagleg saksbehandling i dei kommunane som ikkje har arkitekt, blir ført vidare i 1997. Målet er å betre den arkitektoniske og estetiske kvaliteten i dei lokale kulturbygga som får støtte frå Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har samarbeidd med Miljøverndepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet om samordning av den statlege informasjonen til kommunane og fylkeskommunane i samanheng med endringane i Plan- og bygningslova, som mellom anna legg vekt på omsynet til estetikk.

Norsk Form

Til stiftinga Norsk Form blir det tilrådd å løyve 9,5 mill. kroner i 1997. Norsk Form har ført vidare satsingsområdet "Estetikk i kommunane" og har mellom anna samarbeidd med Kommunenes Sentralforbund. Hausten 1996 vart også Form-96 "Designerenes høstutstilling" arrangert med utdeling av Kulturministerens pris til beste designprodukt på utstillinga.

2

Kulturdepartementet har saman med Miljøverndepartementet, Nærings- og energidepartementet og Vegdirektoratet teke initiativ til ein statleg designkonkurranse med temaet "Møblering langs vegen". Målsetjinga er å utvikle framlegg til nye produkt for bruk i samanheng med service for vegfarande. Norsk Form er sekretariat for konkurransen.

Norsk Arkitekturmuseum

Til Norsk Arkitekturmuseum er det gjort framlegg om å løyve 2,6 mill. kroner i 1997.

I auken ligg også 350 000 kroner som tidlegare vart løyvde som stønad til ymse prosjekt, utanom den ordinare løyvinga. Den permanente utstillinga ved museet blir opna i oktober 1996, og dermed er det lagt eit godt grunnlag for den vidare verksemda. Arkitekturmuseet vil i 1997 halde fram arbeidet med publikasjonar, informasjonsverksemd og nye utstillingar.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen