Historisk arkiv

Auka tilskot til Den Norske Opera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

75/96, 4 oktober 1996

Auka tilskot til Den Norske Opera

Tilskotet til Den Norske Opera aukar med 4,3 mill. kroner til 151,4 mill. kroner i 1997. Av auken skal 1,3 mill. kroner gå til å styrkje ballettverksemda ved Den Norske Opera med ei aspirantordning. Framlegget tek sikte på å tryggje den kunstnarlege utviklinga ved institusjonen. Riksoperaverksemda ved Den Norske Opera får eit tilskot på 5,1 mill. kroner i 1997.

Underskotet ved Den Norske Opera er no på 6,6 mill. kroner . Den vanskelege økonomiske situasjonen skuldast m.a. svikt i billettinntektene. Vidare førte ei sterk satsing på turné-og riksoperaverksemda til auka kostnader og reduserte inntekter i høve til budsjettet for perioden.

Dei store og stadig aukande pensjonsutbetalingane er ei anna årsak til underskotet. Regjeringa tek sikte på i nær framtid å leggje fram ein odelstingsproposisjon om innlemming av ballettdansarar, sangsolistar og korsongarar i Statens pensjonskasse. Ei innlemming av pensjonsordninga i Statens pensjonskasse vil tryggje pensjonsutbetal-

ingane til desse gruppene i framtida og hindre at veksten i pensjonsutbetalingane går ut over den kunstnarlege verksemda.

Departementet tek sikte på at spørsmålet om nytt operabygg skal leggjast fram for Stortinget våren 1997. Arbeidet med avklaringar rundt dei ulike tomtealternativa er ein del av førebuingane. I samband med dette arbeidet er ein avhengig av Oslo kommune si tilrettelegging av reguleringssaka i Bjørvika og dei vidare planane for utvikling av området. Den nye vegplanen som skal leggjast fram til våren, vil også leggje føringar på utviklinga av dette området.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen