Historisk arkiv

Festival-utval oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Eksp.sjef Sigve Gramstad, tlf.22 24 80 00
Pressemelding 13/96, 14.03.1996

Festival-utval oppnemnt

Kulturdepartementet har oppnemnt eit utval som skal foreslå retningsliner for tildeling av driftstilskott til musikkfestivalar og musikkfestspel.

Gerhard Dalen som er direktør for Trondheim Symfoniorkester, skal leie utvalet. Dei andre medlemene er Helle Stensbak som har brei røynsle frå arbeidet for norsk rock, Åse Hedstrøm, Ultima-festivalen, Tore Flesjø,Kongsberg Jazzfestival, Hilde Bjørkum, Førde internasjonale folkemusikkfestival og Bernt Lauritz Larsen, Risør kammermusikkfest.

Utvalet har fått frist til 15. juni med å levere framlegget til retningsliner for ei tilskottsordning.


Lagt inn 18 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen