Historisk arkiv

IT-satsing i biblioteka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

80/96, 4 oktober 1996

IT-satsing i biblioteka

Kulturdepartementet har sett i gang arbeidet med ein IT-plan for kulturområdet. Grunnlaget for ein slik plan skal drøftast på ein nasjonal IT-konferanse for kulturområdet i november i år. Det er eit ledd i oppfølginga av rapporten frå statssekretærutvalet om "Den norske IT-veien. Bit for bit."

Folkebiblioteka vil bli eit første satsingsområde for bruk av IT til beste for store brukargrupper. I 1997 er det sett av 5 mill. kroner til å setje i verk ein prosess med sikte på å knyte alle folkebiblioteka saman i eit nettverk.

Ei satsing på folkebiblioteka som nettverkskontaktpunkt vil kunne medverke til å verkeleggjere dei kulturpolitiske måla om at alle har ein demokratisk rett til viktig og relevant informasjon som basis for kunnskap. Biblioteka har ei viktig rolle å spele for demokratiseringa av informasjonsteknologien. Med folkebibliotek i alle kommunar har ein naturlege informasjonsknutepunkt som kan gje kunnig rettleiing i å hente fram offentleg informasjon.

Utover den særskilde satsinga på IT og folkebibliotek blir det i budsjettet for 1997 òg gjort framlegg om løyvingar til IT-føremål ved Nasjonalbiblioteket, i arkivverket og på museumssektoren.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen