Historisk arkiv

Norsk Form får ny styreleiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Eksp.sjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00
Pressemelding 4/96, 10.1.1996

NORSK FORM FÅR NY STYRELEIAR

Kulturdepartementet har oppnemnt Anna E. Tryti, Bergen, som leiar for styret for Norsk Form - senter for design, arkitektur og bygningsmiljø for dei neste to åra. Ho var i siste periode kommunalråd for byutvikling i Bergen.

Dei andre statleg oppnemnde medlemmene er direktør Stein Devik og Ulla Tarras-Wahlberg. I tillegg kjem Halvdan Skard, leiar for Kommunenes Sentralforbund, Ulf Grønvold, direktør for Norsk Arkitekturmuseum og industridesigner Sigrid Eckhoff.


Lagt inn 10 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen