Historisk arkiv

Norsk museum skal utviklast gjennom tiltak og samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Pressemelding 21/96, 23.04.1996

Norsk museum skal utviklast gjennom tiltak og samarbeid

Museumsutvalet gjer framlegg om desse prioriterte tiltaka for norske museum

  • arbeidet med ei museumslov bør setjast i gang
  • ei avtaleordning og utviklingsprogram for museum med tilskot frå stat og fylkeskommunar, basert på lang- tidsplanar
  • REVITA-planen, ein femårsplan for registrering, bevaring og revitalisering av museumssamlingane
  • fireårsordning for å styrkje fellestenester for musea i fylkeskommunane
  • styrking av samordningsfunksjonar i Norsk museumsutvikling.

Museumsutvalet som vart oppnemnt i desember 1993, overleverte utgreiinga NOU 1996: 7 "MUSEUM. Mangfald, minne, møtestad" til kulturminister Åse Kleveland tysdag.

Eit viktig utgangspunkt for utvalet har vore å sjå på museum som samfunnsinstitusjonar i eit heilskaps- perspektiv. Utvalet har lagt mest vekt på prinsipp og modellar for korleis samhandling mellom institusjonar og mellom institusjonar og forvaltningsnivå kan ordnast.

Utvalet slår fast at Noreg har ein særs desentralisert museumsstruktur. Totalt er det registrert over 700 museum og samlingar. Dei fleste er små, kulturhistoriske museum som ein kan finne over heile landet. Kunst- og kunst- industrimusea er i hovudsak eit sørnorsk fenomen, og naturhistoriske museum er konsentrerte til dei store byane. Årleg har musea godt og vel ein milliard kroner til rådvelde for oppgåvene sine. I landsgjennomsnitt står det offentlege for 70-75 prosent av alle utgiftene, og 50 prosent av årsverkinnsatsen er knytt til temporær arbeidskraft.

Ansvarsmuseum

Svært mange av dei små einingane er primært utstillings- og formidlingsstader. Utvalet meiner at formidlings- funksjonen kan vidareutviklast ved alle einingane i framtida. Dei andre museumsfunksjonane skal koordinerast ved eit mindretal av institusjonane, som utvalet nemner ansvarsmuseum.

Ansvarsmusea skal ha samordningsansvaret for innsamlings-, forskings- og bevaringsoppgåvene for dei institusjonane som i hovudsak skal vere formidlingsstader. Ordninga med ansvarsmuseum skal nyttast både på statleg og fylkeskommunalt nivå.

Dei statlege ansvarsmusea skal samarbeide i eit nettverk og spela ei viktig rolle i den statlege museumspolitikken. Det vil også vere naturleg at institusjonane har eit ansvar som norske kontaktpunkt i internasjonal samanheng. Ein viktig funksjon vil vere rådgjeving for andre museum.

Dei institusjonane som staten har eit eineansvar for, (ikkje universitetsmusea), skal leggje fram planar for korleis dei vil løyse oppgåvene som statlege ansvarsmuseum

Museumslov

Utvalet rår til at Kulturdepartementet set i gang arbeid med ei museumslov for å sidestille museumsfeltet med miljøvernområdet, bibliotek- og arkivfeltet, der det er lovverk frå tidlegare.Ei museumslov bør sjå museum som eit instrument både i eit omfattande miljøperspektiv og i eit kunnskapsperspektiv. Ei museumslov kan fungere som eit verkemiddel for betre samordning på museumsområdet og meir allment som ei sikring av musea som samfunnsinstitusjonar i Noreg.

Avtaleordning og utviklingsprogram for museum

For å styrkje det museumsfaglege arbeidet vil utvalet innføre ei registrerings- og avtaleordning for dei musea som får økonomisk støtte frå stat og/eller fylkeskommune. Ordninga bør også innehalde eit utviklingsprogram.

Musea skal vurderast mot eit regelverk som skal gi forskrifter m.a. for eigarform, styresamansetjing, vedtekter, krav til målretta planar, krav til sikringsforhold, krav til opningstider og ei avtale med hovudbidragsytar av offentleg tilskot. Avtala blir knytt til langtidsplanar for institusjonane og vil vere vurderingsgrunnlaget for tildeling av offentleg driftstilskot. Utvalet rår til at Norsk museumsutvikling får ansvar for å utarbeide og gjennomføre ei registrerings- og avtaleordning for museum.

REVITA-planen

Utvalet forslår at Kulturdepartementet tar intitiativ til ein femårs tiltaksplan for å betre bevaringa av norske museumssamlingar. Det er tale om ein plan for registrering, førebyggjande konservering og revitalisering av museumssamlingane. Målet med planen er at musea skal få betre oversyn over og sikrare lokalitetar for samlingane. Samla kostnadsramme for den statlege innsatsen i REVITA-planen er sett til 380 mill.kroner.

Museumsplassering i Oslo

Utvalet viser til den planlagde utbygginga på Tullinløkka i Oslo for Nasjonalgalleriet og Oldsaksamlinga. Statsbygg har gjennomført ei arkitekttevling. Det aktuelle prosjektet løyser ikkje alle plassbehova for dei to institusjonane. Utvalet understrekar at dersom det er politisk vilje til utvida satsing, kan det vere aktuelt å vurdere nærare dei alternativa som sikrar størst mogleg samordningseffekt for dei berørte musea:

  • Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst overtek nybygget på Tullinløkka og dei andre bygningane som universitetsmusea i dag disponerer.
  • Oldsaksamlinga, Myntkabinettet og Etnografisk museum får nybygg på Tøyen i tilknyting til dei naturhistoriske musea.
  • Det blir laga ein analyse av kva bygningar i Oslo sentrum som kan vere aktuelle for Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og eit evt. Fredsprismuseum.
  • Dersom bygningen til Museet for samtidskunst ikkje er aktuell for museumsformål, bør ein vurdere å bruke bygningen som lokale for ulike typar utstillingar.
  • Det blir laga ein analyse av i kva grad fleire museum kan løysa problema med manglande magasinkapasitet med eit felles magasin for delar av gjenstandssamlingane.

Museumsutvalet har vore leia av rådgjevar Magne Velure, Lillehammer, og dei andre medlemene har vore direktør Elin Fjellheim, Røros, rådgjevar Tonte Hegard, Oslo, førstekonservator Natascha Heintz, Oslo, professor Arne B. Johansen, Trondheim, amanuensis Ivar Kraglund, Oslo, fylkeskultursjef Aasmund Mjeldheim, Bergen, professor Einar Niemi, Tromsø, førstearkivar Lisabet Risa, Hå, avdelingsdirektør Jon Suul, Trondheim, direktør Anniken Thue, Oslo, og direktør Ingvild Øye, Bergen.


Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Stein Sægrov, tlf.22 24 80 26


Lagt inn 23 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen