Historisk arkiv

Ny norsk UNESCO-kommisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Pressemelding 50/96, 13.08.1996

Ekspedisjonssjef Henning Gorholt, tlf. 22 24 78 10

NY NORSK UNESCO-KOMMISJON

Kulturdepartementet har oppnemnt Ingrid Eide som leiar for ein ny fireårs-periode for den norske nasjonalkommisjonen for UNESCO. Av dei 27 medlemmene er 16 nyoppnemnde. Organisasjonar og institusjonar som har interesse i arbeidsfelta til UNESCO har kome med forslag til medlemmer.

For perioden 1996-2000 er desse med i kommisjonen: rådgjevar Ingrid Eide, Universitetet i Oslo, leiar, professor Peter Aleström, Noregs landbrukshøgskole, dagleg leiar S. Ananthakrishnan, Forum for utvikling og miljø, (ny), forfattar Toril Brekke,(ny), Marit Brevik, Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar, professor Monica Dalen, Universitetet i Oslo, (ny), styreleiar Arne J. Eriksen, Voksenopplæringsforbundet, direktør Tove Strand Gerhardsen, Norges forskingsråd, (ny), professor Jostein Gripsrud, Universitetet i Bergen, professor Bernt Hagtvet, Universitetet i Oslo, (ny), direktør Arvid Hallén, Noregs forskingsråd, (ny), sivilarkitekt Seppo Heinonen, Fortidsminneforeningen, riksarkivar John Herstad, Riksarkivet, (ny), journalist Johan O. Jensen, Adresseavisen, forskingssjef Merete Johannessen, Norsk institutt for vannforsking, redaksjonssjef Solveig Jølstad, Vårt Land, (ny), forskar Anne Trine Kjørholt, Norsk senter for barneforsking, konservator Elisabeth Koren, Stiftelsen Norsk Landbruksmuseum, (ny), forskar Ann Therese Lotherington, NORUT samfunnsforsking, biletkunstnar Grete Marstein, (ny), høgskolelektor Birgitta Næss, Høgskolen i Østfold, professor Kjell Mork, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, filmkunstnar Sverre Pedersen, Hvalstad, (ny), nasjonalbibliotekar Bendik Rugaas, Nasjonalbiblioteket, adjunkt Inger Røkke Nybø, Kruseløkka skole, Sarpsborg, (ny), første- amanuensis Audun Sandberg, Høgskolen i Bodø, bibliotekdirektør Vigdis Moe Skarstein, Universitetsbiblioteket i Trondheim, (ny).

Den norske nasjonalkommisjonen for UNESCO er ein statsinstitusjon under Kulturdepartementet. Medlemmene blir fordelte på fem fagutval for utdanning, naturvitskap og teknologi, samfunnsvitskap og humaniora, kultur og kommunikasjon.


Lagt inn 14 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen