Historisk arkiv

5300 nye studieplassar til universitet og høgskolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 060-95 6. juli

5300 nye studieplassar til universitet og høgskolar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har no fordelt om lag 5300 nye studieplassar til universitet og høgskolar. 4500 studieplassar er fordelt til universiteta og 805 til dei statlege høgskolane, Noregs idrettshøgskole og Menighetssøsterhjemmets sykepleierhøgskole.

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 1995 ei løyving på 30 millionar kroner til fleire studieplassar ved høgskolane og 135 millionar til universiteta for å opne dei samfunnsvitskaplege, matematisk-naturvitskaplege og historisk-filosofiske fakulteta ved dei fire universiteta hausten 1995.

KUF har m.a. lagt desse premissane til grunn for å opne dei tre fakulteta:

  • Ordninga skal gjennomførast på nasjonal basis og gjelde opptak til grunnivå.
  • Alle kvalifiserte søkjarar til dei aktuelle fakulteta som ikkje har fått tilbod om studieplass ved anna universitets- eller høgskolestudium i den ordinære opptaksprosessen har krav på studieplass ved eitt av dei tre fakulteta ved eitt av universiteta.
  • Opninga omfattar kvalifiserte søkjarar som har søkt til dei aktuelle fakulteta innan den ordinære fristen.
-Det er eit viktig vegskilje i norsk utdanningspolitikk når vi no opnar opp studia ved dei tre fakulteta. Dette vil gjere at færre blir ståande utan tilbod når studieåret tek til, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes i ein kommentar.

- I høgsklolesektoren er studieplassar for førskolelærarar og almennlærarar prioritert for å førebu grunnskolereforma i 1997 og for å sikre bemanninga i samband med Regjeringas barnehagesatsing, seier Hernes. Det vert og satsa særskilt på studieplassar som fører fram til yrke innan helse- og sosialsektoren der det i dag er mangel på fagutdanna personell. For å styrke idrettsfaga er Noregs idrettshøgskole tildelt 50 studieplassar. Høgskolen i Østfold er tildelt 10 studieplassar i hovudfag i merkantilt tysk i samband med at høgskolen skal ha ein framtidig knutepunktfunksjon i Noregsnettet i merkantile fagspråk. I samband med Regjeringas handlingsplan for funskjonshemma skal studietilboda til denne målgruppa byggjast ut. Høgskolen i Sør-Trøndelag er såleis tildelt 8 studieplassar til almennlærarutdanning for døve og 12 studieplassar til døvetolkutdanning. Utdanning av lærarar og døvetolkar er og eit viktig bidrag for å kunne gi opplæring i og på teiknspråk, seier statsråd Gudmund Hernes.

Slik er fordelinga av dei nye studieplassane ved universiteta:

Universitetet i Oslo:      1900
Universitetet i Bergen:    1000
Unviersitetet i Trondheim: 1100
Universitetet i Tromsø:      500

Til saman:                 4500 studieplassar

Slik er fordelinga i høgskolesektoren etter type utdanning:

Sjukepleiarutdanning              177 
Barnevernpedagogutdanning          76 
Sosionomutdanning                  45
Vernepleiarutdanning               42 
Fysioterapiutdanning               36 
Bioingeniørutdanning               10
Radiografutdanning                 10
Førskolelærarutdanning            125
Allmennlærarutdanning             125
Allmennlærarutdanning for døve      8
Døvetolkutdanning                  12
Praktisk-pedagogisk utdanning      75
Hovudfag merkantilt tysk           10
Vidareutdanning i rehabilitering    4
Noregs idrettshøgskole             50

Til saman                         805 studieplassar
Lagt inn 20 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen