Historisk arkiv

Grunnskolereforma tek til å gjelde frå 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 054-95 23. juni

Grunnskolereforma tek til å gjelde frå 1997

Endringane i grunnskolelova som m.a. inneber skolestart for 6-åringar, vart i Statsråd 23. juni fastsett til å gjelde frå 1. juli 1997. Stortinget vedtok 15. juni å be Regjeringa legge til rette for oppstart frå 1997. M. a. samtykka Stortinget i at KUF kunne gi tilsegn om investeringstilskot på kr. 20 000 pr. seksåring til skolebygg og til utbetaling av stimuleringstilskot etter gjeldande reglar, med utbetaling i 1996 og 1997 innan ei ramme på totalt 400 millionar kroner.

Eg er svært tilfreds med at det endelege tidspunktet for oppstart endeleg er avgjort, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes. Regjeringa har lagt 1997 til grunn for planlegging og førebuing av reforma. Eit fast siktemål er nødvendig både for departementet og for arbeidet i kommunane, seier Hernes.

Lagt inn 20 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen