KUF gir støtte til verdshistoriekongress i år 2000
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.07.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84
Nr. 061-95 13. juli
KUF gir støtte til verdshistoriekongress i år 2000
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gir støtte til førebuing av den 19. verdshistoriekongressen i Oslo i år 2000. Det er Den norske historiske forening (HIFO) som har bedt om tilsegn på midlar for å kunne rette ein formell søknad om å arrangere kongressen. Støtta er på 400 000 kroner for 1996, og det er gitt tilsegn om ein tilsvarande årleg sum for åra fram mot år 2000.KUF føreset m.a. at det vert oppretta ei kompetent styringsgruppe for prosjektet, at det vert etablert ein prosjektorganisasjon der det skal vere med personar som har erfaring frå tilsvarande prosjekt og personar med kontaktar i dei historiske miljøa. Det vert vidare føresett at dei historiske institutta ved universiteta og andre fagmiljø er aktive ved etableringa av styringsgruppe, prosjektorganisasjon og ved gjennomføringa av kongressen.
KUF ber og om at det vert lagt fram ein organisasjonsplan med ein etablert styringsstruktur.
-Dette vil verte ei viktig markering. Kongressen vil kome til å få mykje å seie for humanistisk forsking spesielt og den vil bety eit løft for heile historieforskinga generelt, seier statsråd Gudmund Hernes i ein kommentar.
Lagt inn 20 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen