Historisk arkiv

KUF støttar fysikkolympiaden i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 085-95, 16. oktober 1995

KUF støttar fysikkolympiaden i Oslo

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet støttar den 27. Internasjonale fysikk- olympiaden i Oslo i 1996 med 1 million kroner, 350 000 kroner i inneverande år og 650 000 til neste år. Det er Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo som står som arrangør av olympiaden, som går av stabelen i tidsrommet 30. juni - 7. juli 1996. Det samla budsjettet for olympiaden er på om lag 4 millionar kroner.

I fjor vart den Internasjonale fysikkolympiaden arrangert i Canberra i Australia.

Fysikkolympiaden er ein venskapeleg konkurranse mellom ungdom frå heile verda, dei fleste elevar i siste året i vidaregåande skole. Kvart land sender fem deltakarar som konkurrerer individuelt. Arrangementet strekkjer seg over ei veke, men sjølve konkurransen er unnagjort på to dagar, ein for praktisk og ein for teoretisk eksamen.

Den norske uttakinga går føre seg ved at dei elevane som tar fysikk-kurset 3FY får ein felles prøve no i haust. Dei beste elevane får delta i ein ny prøve til våren, og dei fem beste frå denne andre prøva får tilbod om å vere med i fysikkolympiaden.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes seier at eit slikt arrangement er viktig for å styrkje fysikkfaget generelt og at støtta frå KUF er eit ønskje om å stimulere interessa for faget i den vidaregåande skolen.

Opplysningar om den 27. Internasjonale fysikkolympiaden finst og på Internet
(heimeside: http://www.fys.uio.no/ipho).


Lagt inn 25 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen