Historisk arkiv

Naturfaga i vidaregåande skole må revurderast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 094-95, 8. november 1995

Sluttrapport frå arbeidsgruppe:

Naturfaga i vidaregåande skole må revurderast

-Talet på elevar som vel fysikk har gått sterkt tilbake. Dette vil kunna få negative konsekvensar for rekrutteringa til teknisk-naturvitskaplege studium dei næraste åra.
-Biologifaget har hatt ei positiv utvikling, men blir ofte valt av elevar som ikkje har annan realfagleg bakgunn.
- Likestillingsprofilen er blitt forverra dei siste åra. Fysikk er snart eit reint gutefag medan biologi er eit reint jentefag

Dette er nokre av konklusjonane som ei arbeidsgruppe som har greidd ut naturfaga si stilling i norsk utdanning trekkjer. Arbeidsgruppa vart i mars 1994 oppnemnt av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og har vore leia av professor Svein Sjøberg ved Universitetet i Oslo. Onsdag overleverte dei sluttrapporten til kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes . Rapporten omhandlar i hovudsak naturfaga sin plass innan vidaregåande opplæring, men gir og eit samla perspektiv på faget gjennom heile skoleverket.

- Arbeidsgruppa har gitt det departementet har ønska; ein inngåande diagnose av dagens situasjon som gir eit solid grunnlag for framlegg til betringar, seier Gudmund Hernes i ein kommentar til rapporten.

Den første rapporten vart overlevert i november i fjor og omhandla naturfaga i grunnskolen og lærarutdanninga. Gruppa peikar på at mange av framlegga frå rapport nr. 1 allereie er følgt opp.

Arbeidsgruppa gjer framlegg om ei total revurdering av heile fagtilbodet av naturfaga i den vidaregåande skolen. Dei gjer framlegg om å styrke arbeidet med læreplanen og gjere den meir open for innsyn og påverknad.

Arbeidsgruppa peikar i sluttrapporten m.a. på at manglande statistikk har ført til at problema som vedkjem naturfaga ikkje er oppdaga tidlegare.

Arbeidsgruppa ser det som positivt at ein større del av elevane etter Reform 94 møter naturfaga allereie i første klasse, og fleire vil dermed kunne velje vidare fordjuping i dei ulike naturfaga. Men dette krev at faga får ei form og eit innhald som er gjennomtenkt. Utvalet peikar på at naturfaga i den vidaregåande skolen er ein arv frå det gamle gymnaset, og at det i seinare år berre har vore einskilde justeringar og nødvendige tilpasningar. Det har ikkje vore nokon heilskapleg gjennomtenking av faga dei siste tiåra, noko læreplanarbeidet dei siste åra heller ikkje har lagt opp til.

Ny læreplan for grunnskolen styrkar naturfaga

Arbeidsgruppa er svært positiv til framlegget til ny læreplan for grunnskolen, og meiner at naturfaga kjem styrka ut etter den nye planen, særleg med tanke på at den første rapporten avdekka store svakheiter ved faget. Gruppa gjer framlegg om at den nye læraplanen må følgjast opp med både utviklingsarbeid og systematisk program for etterutdanning av lærarar.

Arbeidsgruppa har hatt følgjande samansetjing:

  • Svein Sjøberg, leiar, Universitetet i Oslo
  • Knut Haldorsen, Ås videregående skole
  • Anne Lea, Høgskolen i Oslo (tidl. Barnevernsakademiet i Oslo)
  • Doris Jorde, Universitetet i Oslo



Lagt inn 8 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen